Freemover - utveksling som gjestestudent

Utveksling på eige initiativ til ein institusjon Universitetet i Stavanger ikkje har avtale med.

Publisert Sist oppdatert

Studenter kan reisa på utveksling til institusjonar som Universitetet i Stavanger (UiS) ikkje har ein utvekslingsavtale med. Dette kallast å reisa som "freemover" (gjestestudent) og inneber at du sjølv tar ansvar for heile prosessen, utan oppfølging frå Internasjonal seksjon.

Merk at ikkje alle institusjonar tek imot gjestestudentar. Vi tilrår difor at alle studentar reiser gjennom etablerte avtaler og undersøker alle tilgjengelege moglegheiter før dette alternativet vert vurdert.

Dersom du vel å søkja som gjestestudent, tilrår vi at du involverer din studiekonsulent så tidleg som mogleg.

Husk dette når du planlegg opphaldet:

Institusjonen du er interessert i må tilby relevante emne som kan førehandsgodkjennast av ditt fakultet. Sjekk at emna vert underviste på engelsk og at institusjonen er godkjent for støtte hjå Lånekassen.

Når du reiser som gjestestudent, er du ansvarleg for å administrera søknadsprosessen sjølv. Prosessen er annleis og kan vera meir tidkrevjande enn det ein er van med frå Noreg. Det er ofte meir omfattande dokumentasjonskrav som gjerne inkluderer språktest og motivasjonsbrev.

Vær merksam på at ikkje alle institusjonar godtek vitnemål frå den vidaregåande skulen for å dokumentera nivået i engelsk, og du må difor rekna med å ta ein engelsktest (til dømes TOEFL og IELTS). Bestill tid til denne i god tid i førevegen.

Husk å sjekka om du treng vaksiner, studentvisum og om det er krav om skulepengar. Husk å bestille forsikring. Du må betala semesteravgift og stadfesta utdanningsplanen din ved UiS innan gitte fristar. Gløymer du dette, mistar du studieretten din ved UiS.