Hopp til hovedinnhold

Karrieredag for sjukepleiar- og paramedisinstudentar

Onsdag 4. januar 2023 kl. 11:00-13:00,
Kjell Arholms hus,
Foajeen.

Veit du kva jobbmoglegheiter som ventar på deg etter fullført studie? Velkommen til karrieredag ved Det helsevitskaplege fakultet.

Publisert: Endret:
Helsepersonell i hvite, blå og rød uniformer snakker sammen
Foto: Bernt-Erik Rossavik, Laerdal Medical

Vi inviterer studentar og praksisfelt til karrieredag for studentar på bachelor i sjukepleie og paramedisin onsdag 4. januar frå kl. 11:00-13:00.

Med ulike arbeidsgivarar på stand, får de orientera dykk om kva som finst av jobbmoglegheiter – både til sommarjobb, ekstrajobb og aktuelle arbeidsstader når de er ferdige med studiet.

Representantar frå helseføretak, sjukeheim, bemanningsbyrå, organisasjonar og fagforeiningar er nokre av dei du kan møta på stand.

Lurer du på noko rundt jobbsøking? Les meir her.

Med ein bachelor i sjukepleie eller paramedisin er du kvalifisert til å søkja om opptak til ei rekkje masterprogram ved UiS. Finn meir informasjon om dette her.

Karrieredagen blir arrangert i samarbeid mellom Det helsevitskaplege fakultet ved Universitetet i Stavanger og studentorganisasjonane Parasjuk og NSF Student.