Hopp til hovedinnhold

Steffens og influensarane

Torsdag 19. august 2021 kl. 18:00-19:00,
Folken.

Kva er eigentleg ein influensar og fanst det verkeleg influensing før internettet?

Publisert: Endret:

Forfattaren Tore Renberg har kalla den stavangerfødde filosofen Henrik Steffens (1773-1845) for ein stor influensar i si samtid. Men kva er eigentleg ein influensar og fanst det verkeleg influensing før internettet?

På Folken under Fadderveka vil komikarane/influensarane Veronika Simoné "Yummymummy" Fjeld og Fredrik Brimsø vil krangla om desse og andre spørsmål i ein lite høgtideleg Steffens-salong leia av forfattar/komikar Terje Torkildsen.

Doktorgradsstipendiat Luise Salte vil bidra med vitskapleg input og prøva å læra både komikarane og publikum ei lekse, men dette kan fort bli løye.

SKAFF DEG BILLETT HER