Ut på tur i Stavanger-regionen

Stavanger-regionen har ein svært variert natur, med gode opplevingar over alt. Frå lange, kvite strender til høge fjell - rundt Stavanger er det noko for ein kvar smak!

Published Endret
Hva med en tur til Preikestolen?

Få stader passar vel turistklisjeen ”eit Noreg i miniatyr” betre enn nettopp her.

La oss begynne ute på ei av dei fantastiske sand-strendene. Milevis med ope landskap og bølgjer som trekkjer til seg kunstnarar, badegjester og surfeentusiastar frå inn- og utland. Den første stranda, Solastranden, finn du like ved universitetet.

Solastranden
Solastranden er kåra til ei av vakraste strender av Sunday Times! Og det med god grunn. Den 2.3 kilometer lange sandstranda har god plass, lune sanddyner, flott sand og god å bade langs for både små og store.


Deretter kan vi ta båt inn i dei mystiske fjordane som ligg like innanfor Stavanger-halvøya. Dei berømte norske fjordane hamna på verdstoppen som reisemål i det prestisjetunge National Geographic Traveler. Og det er her dei tek til. Her ligg den skrekkvakre Preikestolen, med sitt 604 meters stup ned til Lysefjorden, og den utrulege Kjerag, den råaste basehoppstaden i verda.

Preikestolen er den mest kjende turistattraksjonen i Ryfylke og Rogaland. Den ragar 604 meter over Lysefjorden

Kanskje kan det passe med ein skibuss eller skibåt opp til variert skiterreng og alpinløyper av topp klasse? Du kan reise til Ådneram, Sauda, Sirdal, Røldal, Ryfylke og mange andre stedar.

Student på skitur i Sirdalen

Kort sagt - i Stavanger er det nok å ta seg til for deg som er interessert i å kome deg ut i det fri. Prøv sjøl!

Studentliv i Stavanger