Opplev talentfulle dansarar og musikarar frå campus Bjergsted.
Denne fredagen ventar ei unik oppleving når jazz- og dansegruppa Lysbrudd framfører stykket "Crossing Streams".
Gruppa, som består av jazzmusikarane Maja Persson og Stella Brachel, og dansarane Johanne Risnes Lerheim og Mie Bruun Ahlgreen, tek deg med på ei stemningsfull reise når dei utforskar fenomenet nærleik.
Gjennom ord, musikk og rørsle dykker dei ned i det som knyter oss saman – frå augneblink med kontakt, til stillheita mellom oss, og dei små, men kraftfulle gestane som skapar ekte intimitet.
I tillegg får du høyre den spennande duoen Aurora Brusevold (trompet) og Erlend Johannessen (piano). Dei komponerer og framfører sin eigen musikk, med klare melodiar og enkle harmoniar. Inspirert av popens verd, men med jazzens sjel. Deira frie improvisasjon gjer kvar framføring heilt unik – du veit aldri kva som ventar.
Bøker & Beats
Under Bøker & Beats får du ein smakebit på livet i Bjergsted med jazz, klassisk musikk, samtidsdans og andre utøvande kunstretninger. I tillegg til å opptre vil studentane fortelje litt om fagfeltet sitt.
Fakultet for utøvande kunstfag i Bjergsted utdannar morgondagens dansarar og musikarar. Studentane i Bjergsted er kjende for å øve mykje og levere kunstopplevingar av høgaste kvalitet.
Datoar
Fredag 18. oktober kl 12.15-13.00
Fredag 15. november kl 12.15-13.00
Fredag 6. desember kl 12.15-13.00