Fadderfestivalen

Lyst å bli kjent med medstudentane dine og oppleve alt Stavanger har å by på? Bli med på fadderfestivalen, då vel!

Publisert Sist oppdatert

Kva er fadderfestivalen?

Fadderfestivalen i Stavanger er ei heilt spesiell veke for alle nye studentar. Du kan bli kjent med medstudentane dine og få ein smakebit av det gode studentmiljøet i Stavanger.

Veka er for alle studentar som byrjar på eit nytt studium ved UiS. Det gjeld deg som er student for fyrste gong, deg som byter studieprogram, deg som byter lærestad, deg som tar eit forkurs, og deg som byrjar på eit masterprogram. Her er det noko for alle!

Konfetti i gull skytes ut fra scene over publikum.
Frå opninga av fadderfestivalen 2023.

Konsertar og aktivitetar

Programmet til festivalen varierer frå år til år. Ein typisk fadderfestival består mellom anna av konsertar, quiz, foredrag, aktivitetar og omvising på campus og å bli kjent med linjeforeiningar og studentorganisasjonar.

Påmelding og faddergruppe

Etter at du har meldt deg på, får du ei faddergruppe saman med andre studentar på ditt studieprogram. Du får også ein «fadder». Det er ein student som skal ta vare på deg heile veka. Dei er ekspertar på UiS, Stavanger og ditt studieprogram!

Studentdriven festival

Fadderordninga ved UiS er eit studentdrive tiltak. Føremålet med fadderordninga er at du som ny student skal finne deg til rette både sosialt og fagleg ved universitetet.

Under fadderfestivalen blir det lagt vekt på relasjonsbygging, trivsel og samhald. I tillegg får studentane bli kjent med både Universitetet i Stavanger, Stavanger sentrum og nokre av områda rundt byen.

Dette kan du bli med på

Gjør deg kjent på campus før studiestart

Søn. 09.08.2026

12:00-14:00

campus Ullandhaug

Fadder- og studentaktiviteter mandag

Man. 10.08.2026

08:00-23:00

Campus Ullandhaug

Velkomstseremoni – studiestart 2026

Man. 10.08.2026

12:00-12:30

Amfiet utenfor SiS studenthus, campus Ullandhaug

Åpningsseremoni på campus Bjergsted

Tir. 11.08.2026

11:00-12:00

Bjergsted

Fadder- og studentaktiviteter tirsdag

Tir. 11.08.2026

12:00-21:00

campus Ullandhaug, Stavanger og omegn

Fadder- og studentaktivitetar onsdag

Ons. 12.08.2026

12:00-23:00

campus Ullandhaug og Stavanger

Fadder- og studentaktiviteter torsdag

Tor. 13.08.2026

12:00-23:00

campus Ullandhaug, Stavanger og omegn

Fadder- og studentaktiviteter fredag, laurdag og søndag

Fre. 14.08 13:00

søn. 16.08 20:00

Ullandhaug, sentrum og omegn

Pride-kafé i biblioteket

Ons. 02.09.2026

12:15-13:15

Universitetsbiblioteket

Bli klar til studiestart