Kvar er den beste lesesalen? Finst det ein stad eg kan amma? Er rommet eg skal til tilrettelagt for meg? Finn det du treng å vita om dei ulike romma på campus.
PublisertSist oppdatert
Arne Rettedals hus
Alle auditorium i Arne Rettedals hus er tilrettelagde for høyrselshemma med teleslyngjer og IR-anlegg.
Kjølv Egelands hus
Tjodhallen, E101, E102 og A101* er tilrettelagd for høyrselshemma med teleslyngjer og IR-anlegg. * IR-anlegg er installert. Du må bruka høyrebøylar for å nytta anlegget (kan lånast).
Hagbard Line-huset
Kjell Arholms hus
Auditorium 1, 2 og 3 er tilrettelagt for høyrselshemma med teleslyngjer og IR-anlegg.
Ellen og Axel Lunds hus
Raudt auditorium er tilrettelagt for høyrselshemma med teleslyngjer og IR-anlegg.
Hulda Garborgs hus
P230 og P231 er tilrettelagt for høyrselshemma med teleslyngjer og IR-anlegg.
I Arne Rettedals hus finn du laboratoria for mediefaga.
I Ivar Langens hus finn du laboratorium for bygg.
I Kjell Arholms hus finn du to sjukepleie/ferdigheitslaboratorium.
I Måltidets hus finn du laboratorium for biologisk kjemi og bioteknologi.
Lesesalane på universitetsområdet er opne for alle, og fungerer etter "førstemann til mølla"-prinsippet.
Hugs å rydda etter deg og ta med alle personlege saker når du forlèt lesesalen. Det er ikkje lov å reservera/halda av ein lesesalsplass over lengre tid.
Arne Rettedals hus (AR)
1. etg (gruppelandskap G-102). Dette rommet blir også brukt til undervisning. Sjå timeplanen i TimeEdit.
3. etg.
Kjølv Egelands hus (KE)
Biblioteket
C160 (stille lesesal) og C-104 (gruppearbeidsplassar)
Hagbard Line-huset (HL)
U. etg. (A-025 og A-026)
Kjell Arholms hus (KA)
1. etg (U-110A)
Hulda Garborgs hus (HG)
1. etg. (O-108)
Grupperom kan ikkje brukast viss det står i romoversikta at det skal vera undervisning der.
Det er grupperom i Arne Rettedals hus (2. etasje), Ellen og Axel Lunds hus (2. etasje), Hulda Garborgs hus (1. etasje), Kjell Arholms hus (U. etasje og 1. etasje) og Kjølv Egelands hus (C-bygget: 1 etasje og 2. etasje).