Handelshøgskolen UiS er på jakt etter dyktige og motiverte studentar som ynskjer å kombinere studiet med jobb våren 2026. Søknadsfristen er 31. oktober.
Som studentassistent kan du bidra til medstudentar sine læringsopplevingar på mange og viktige måtar, særleg ved å formidle fagstoffet frå eit studentperspektiv. Som student kan du kommunisere fagstoff med ei annan vinkling enn ein erfaren førelesar kan. Dei generelle tilbakemeldingane frå studentar er at bidraget frå studentassistentane er viktig for læringa.
Oppgåver for ein studentassistent kan inkludere å ha trefftid med studentane, arrangere seminar og gruppearbeid, tilretteleggje for lab-øvingar, gje tilbakemeldingar på innleveringar og registrere oppmøte på obligatoriske aktivitetar. Alt arbeidet er i samarbeid med, og under rettleiing av fagansvarleg. Ettersom innhaldet i stillinga som studentassistent kan variere noko frå emne til emne, avtalast arbeidsoppgåver og tidsbruk direkte med fagleiar.
Vi søker studentassistentar til følgjande emne:
BØK224 Sustainable Innovation BØK235 Strategy BØK250 Markedsføring BØK 265 Mikroøkonomi BØK295 Samfunnsvitenskapelig metode for arbeidslivet BØK301 Driftsregnskap og økonomistyring BØK 356 Statistics for Business and Economics
BRV110 Avtalerett BRV130 Familie- og arverett BRV205 Rettstat BRV380 Obligasjonsrett TOL110 Intro til tollovgivning og juridisk metode
MSB111 International Macroeconomics MSB145 Econometric and Machine Learning MSB203 Organsational Behaviour and Change MSB 206 Strategic Analysis MSB260 Strategic Decision-Making with AI MSB416 Applied Innovation Management
BRH220 Samfunnsvitenskapelig metode BHO285 Strategisk hotelledelse MHR107 Services Marketing BDS220 Digital Service Modelling
Vi søker også studentassistentar til ØkadLounge!
ØkadLounge er ein fagleg og sosial møtestad for studentar på bachelorstudiet (både første og andre året) i økonomi og administrasjon og årsstudiet i økonomi og leiing. I ØkadLounge kan studentar sitje og jobbe med studiet, få hjelp frå andre studentar og treffe vennar og kjende. Studentane får vaflar og noko varmt å drikke. Det vil alltid vere studentassistentar til stades for å hjelpe til med faglege spørsmål.
Din jobb som studentassistent er å få studentane til å føle seg velkomne, skape god stemning og hjelpe til med dei spørsmåla studentane måtte ha, etter beste evne.
Arbeidstid
Kor mykje ein studentassistent jobbar gjennom resten av semesteret, avheng av opplegget faglæraren lager i samarbeid med studentassistenten. Det kan variere frå nokre timar i eit par veker, til 10 timar kvar veke. Arbeidstimar inkluderer alltid både kontakttid med studentar og tid til førebuingar (t.d. førebuing til seminar og gjennomgang av oppgåver). Arbeidstid avtalast mellom studentassistenten og faglæraren, og godkjennast av dekan/programansvarleg. Som heiltidsstudent bør arbeidet ikkje overstige 10 timar per veke.
Lønn
Studentassistentar blir betalte på timebasis i samsvar med gjeldande statleg lønsregulativ. Bachelorstudentar: 206 kr pr time (lønnstrinn 32) Masterstudentar: 210 kr pr time (lønnstrinn 34)
Kriterium
Du må ha minst karakter B i emnet som du skal vere studentassistent i. Hvis du ikkje har tatt emnet tidlegare, vil faglærar gjere ei skjønnsmessig vurdering av dine kvalifikasjonar. Har du utdanning frå ein annan utdanningsinstitusjon, må du sende vitnemål med dokumentasjon på karakterar i dei emna du søkjer om å vere studentassistent i. Sendast på e-post til Cecilie E. Lund (cecilie.e.lund@uis.no). Marker i vitnemålet kva emne dette gjeld. Studentar som ikkje sender slik nødvendig dokumentasjon, blir ikkje vurderte. For å vere studentassistent på masterkurs må du vere masterstudent på 2. året.
Attest
Alle studentassistentar får sluttattest.
Studentar med erfaring frå studentassistentstillingar blir føretrekte framfor andre når vi skal rekruttere. Dette er fordi dei har relevant erfaring og har vist engasjement i studietida.
Kvifor bli studentassistent?
Her er fem gode grunnar!
Arbeidsgjevarar ser ikkje berre på utdanning når dei rekrutterer. Korleis skil du deg ut frå andre nyutdanna med same utdanning? Ein jobb som studentassistent gjev deg relevant arbeidserfaring allereie før du er ferdig utdanna. Gjennom å kombinere jobb og studiar viser du òg at du er strukturert og at du har god arbeidskapasitet.
Det er ei deltidsstilling som kan kombinerast med å vere heiltidsstudent. Å ha vore studentassistent signaliserer at du har viktig kompetanse: Du er dyktig, engasjert og motivert. At du har vore studentassistent viser at du gjerne tar ei utfordring, og ikkje er redd for å kaste deg ut i noko nytt.
Det finst knapt noko betre måte å lære på enn å lære bort. Ved å forklare fagstoff til medstudentar utviklar du sjølv ei djupare forståing av faget. Det stimulerer òg kreativiteten og kommunikasjonsevnene dine, sidan du må forhalde deg til studentar med ulik bakgrunn og kompetanse.
Dei aller fleste er ukomfortable med å presentere foran eit publikum. Men dette handlar om trening! Jo oftare du vågar å gå utanfor komfortsona di, desto større blir den. Du vil òg oppleve gleda av å sjå korleis medstudentar, på grunn av di hjelp, skjønar ein vanskeleg teori som du sjølv nyleg strevde med – og skjønte til slutt.
Som studentassistent får du moglegheita til å bygge viktige sosiale og faglege nettverk, sidan du samarbeider tett med førelesarane ved Handelshøgskolen. Gode samarbeidsevner blir høgt verdsett i arbeidslivet.