Genette studerer industriell økonomi: – Strategi og prosjektleiing fascinerer meg mest

UiS-student Genette Våge (26) vil ha ein jobb der ho kan kombinere kunnskapen ho har fått i teknologi og økonomi.

Published Sist oppdatert
Genette Våge
Student Genette Våge.

Namn og alder: Genette Våge, 26
Heimstad: Stavanger
Her bur eg no: Sandnes
Dette studerer eg no: Industriell økonomi, mastergrad

– Mi interesse for prosjektleiing, og ønsket om å utvide min tekniske kompetanse frå bachelorgraden i ingeniørfag mot industriell økonomi, var hovuddrivarane for mitt studieval, fortel Våge.

Før ho begynte på mastergraden i industriell økonomi, tok ho ein bachelorgrad i datateknologi ved Universitetet i Stavanger (UiS).

Kombinasjonen av økonomi- og leiingsfag, saman med ei ingeniørfagleg fordjupning, gjer deg godt rusta til jobbar i skjeringspunktet mellom teknologi og økonomi.

Les meir om korleis du kan sikre deg denne kombinasjonen

– Denne bakgrunnen har gitt meg ei solid forståing for teknologien si rolle i dagens samfunn, og korleis den stadig formar vår framtid.

– Effektiv prosjektering og strategi er nøkkelen til suksess

Ho ser verdien av å kunne kombinere teknisk innsikt med økonomiske, strategiske og analytiske ferdigheiter.

– Dette gir meg ei unik tilnærming til problemløysing og prosjektstyring, og eg meiner desse ferdigheitene vil vere avgjerande i den framtidige arbeidsmarknaden, fastslår 26-åringen.

Det er strategi og prosjektleiing som fascinerer henne mest.

– Eg trur at forståinga av korleis ein effektivt kan leie prosjekt, samtidig som ein utviklar og implementerer strategiar, er nøkkelen til suksess i alle bransjar. Desse faga gjev meg ikkje berre teoretisk kunnskap, men også praktiske verktøy for å navigere i komplekse arbeidssituasjonar.

Les om studieplan og emner på industriell økonomi

Vil kombinere teknologi og økonomi

Å studere ved Universitetet i Stavanger var eit naturleg val for 26-åringen.

– Denne regionen har alltid vore heim for meg, og det å studere så nær min heimstad, gir meg ein god balanse mellom studium og personleg liv.

Genette matar ein wallaby
Genette på utveksling i Australia. Her matar ho ein wallaby med gulrot.

– Kva er draumejobben din?

– Min draumejobb er å arbeide i ei stilling der eg kan bruke min kombinerte kunnskap i teknologi og økonomi. Eg ser føre meg ei rolle som prosjektleiar eller strategisk rådgjevar i eit teknologifokusert firma, der eg kan bidra til innovative løysingar og berekraftig vekst.

Etter fullført studium i industriell økonomi, får du tittelen "sivilingeniør". Leiarstillingar er ein naturleg karriereveg for mange kandidatar.

Les meir om kva du kan jobbe med etter ein mastergrad i industriell økonomi

– Studentlivet er dynamisk og engasjerande

Våge har også vore leiar i LED (Linjeforeininga for elektro og data).

– Mitt mål der var å fremje eit inkluderande og støttande miljø for studentane. Eg trur sterkt på at det sosiale miljøet er like viktig som det akademiske, seier ho.

Våge nemner ulike arrangement som kaffi- og frukostmøter, spelekveldar, helgeturar, studentfestar og bedriftsbesøk, som viktige for å skape eit miljø der studentar kan knytte band, dele erfaringar og støtte kvarandre gjennom studietida.

– Studentlivet i Stavanger er dynamisk og engasjerande, spesielt ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultet. Dei ulike linjeforeiningane bidreg sterkt til studentmiljøet, og sørger for at studentane har eit rikt og variert sosialt liv ved sida av studiet. Det er eit fellesskap her som eg trur er unikt og spesielt verdifullt.

Les meir om studentlivet i Stavanger

– Har du gode studietips?

– Nøkkelen til eit vellukka studieliv ligg i balansen mellom arbeid og fritid. Gode studierutiner, som å setje av faste tider til studiet, og regelmessig fysisk aktivitet, er essensielt. Det er også viktig å samarbeide med medstudentar, då det ikkje berre fører til betre forståing av stoffet, men også bygger eit støttande fellesskap.

Reiste på utveksling til Australia

Genette Våge på utveksling
Surfing på Byron Bay i Australia.

Dette semesteret har 26-åringen vore på utveksling ved Queensland University of Technology i Brisbane i Australia.

– Mi utvekslingsoppleving var utruleg berikande. Eg fekk oppleve ein heilt annan kultur, utvide mitt globale nettverk, og utvikle nye perspektiv både personleg og akademisk.

LES OGSÅ: Gode grunnar til å reise på utveksling

Våge fortel at tida i Brisbane var fylt med lærerike opplevingar – alt frå avslappande dagar på stranda, til engasjerande gruppearbeid og prosjekt.

Ho kjem med ei klar oppfordring:

– Til alle som vurderer utveksling: DRA! Grip moglegheita til å utforske verda og møte nye menneske. Du kjem ikkje til å angre, og livet heime er som oftast det same når du kjem tilbake.

Les meir om utveksling ved UiS