Å kunne bruka teknologi i kopling med helse blir stadig viktigare. Ved UiS tilbyr vi derfor kurs i helseteknologi for helsepersonell.

Helseteknologi er eit viktig satsingsområde innanfor helsetenesta og eit grenseoverskridande felt. Ho utfordrar og endrar måten vi tenker, arbeider og organiserer oss på og skaper nye moglegheiter for både helsepersonell og pasientar.
Dei siste åra har bruk av helseteknologi i helsetenestene eskalert og fått mykje merksemd. Likevel er både utdanningane og helsetenestene lite førebudd på fagområde som omhandlar helseteknologi og ei digitalisert helseteneste. Dette har tyding for kunnskapsnivået i tenestene og kor førebudd helsepersonell og pasientar er på korleis helseteknologi endrar kvardagen.
For å auka kompetansen i praksisfeltet tilbyr UiS eit ope emne: Helseteknologi i klinisk praksis.
Forståing for moglegheiter og utfordringar
Emnet er et valgemne for masterstudenter ved Det helsevitskaplege fakultet, men er òg ope for enkeltemneopptak. Undervisning i emnet blir gjennomført på hausten.
Emnet rettar seg hovudsakleg mot helsepersonell som ønsker kunnskap om og innsikt i helseteknologiske moglegheiter og utfordringar i ein klinisk kvardag. Målet er at studentar etter fullført emne kan bidra til nytenking og innovasjonsprosessar i praksis
Krev omstilling av tenester
Dagens organisering av helsetenesta blir på mange måtar utfordra i møtet med den nye teknologien. Han gir pasientar større moglegheit til å ta ansvar for eiga helse. Samtidig føler ikkje alle pasientar seg i stand til å ta det ansvaret som blir kravd
Utdannar du deg innan helse og i tillegg er litt teknologi-interessert, så går du spennande tider i møte.
Det blir derfor lagt vekt på forståing av omstillingane som helsepersonell og pasientar må forhalda seg til når helseteknologi blir nytta, mellom anna i digital oppfølging og behandling av personar med helseutfordringar. Etiske problemstillingar relatert til bruk av helseteknologiske løysingar, teoretiske perspektiv som motivasjon og eigenmestring vil vera sentrale tema-
Studentane vil òg bli presenterte for ulike helseteknologiske verktøy og perspektiv gjennom bidrag frå representantar frå næringslivet, offentleg sektor og andre fagområde.
Opptak til enkeltemne
Det er moleg å søka opptak til enkeltemne via Søknadsweb frå ca. 15. juli, med søknadsfrist 1. august. Første-mann-til-mølla-prinsippet gjeld for opptaket
Opptakskravet er ein bachelorgrad i helse- og/eller sosialfag eller tilsvarande 3-årig grunnutdanning innanfor desse områda.