Jone studerer industriell økonomi, og har sikra seg fast jobb etter studiet

UiS-student Jone Heramb Damås (25) og dei fleste andre medstudentane kan gå rett ut i jobb etter fullført mastergrad.

Published Sist oppdatert
Jone Heramb Damås
Student Jone Heramb Damås.

Namn og alder: Jone Heramb Damås, 25
Heimstad: Trondheim
Her bur eg i Stavanger:
Hinna
Dette studerer eg no:
Industriell økonomi, mastergrad

– Eg fann ut under bachelorgraden at dette var noko eg synest var interessant ved å studere ein ingeniørgrad. Og at det var eit veldig anerkjend studium. Veldig mange gode jobbmoglegheiter også.

25-åringen er godt i gang med det siste året av mastergraden på industriell økonomi ved Universitetet i Stavanger, og har sikra seg fast jobb etter studiet.

Har fått draumejobb i Oslo

Han skal jobbe som råvareanalytikar i Rystad Energy i Oslo.

– Det blir f.eks. det å analysere oljemarknaden, prisar og kapasitet framover for andre bedrifter, som til dømes bankar som ynskjer innsikt i forskjellige råvaremarknader og energimarknader, forklarar han.

Både i privat næringsliv og offentleg sektor, er det eit klart behov for teknologisk kompetanse i kombinasjon med økonomi og leiing. Studiet i industriell økonomi ved UiS gir deg denne kompetansen, og etter fullført studium får du tittelen "sivilingeniør".

– Eg trur 95 prosent av dei eg studerer med har fått seg jobb allereie. Alle eg veit om, i alle fall. Det er veldig bra at dei fleste får seg jobb, meiner Damås.

LES OGSÅ: UiS er tett på arbeids- og næringslivet

Aktiv i linjeforeininga

– Kva er ditt favorittemne på studiet?

– Det trur eg må vere Investeringsanalyse 2. Det blandar programmering og finans. Vi vurderer trendar i valutakursar og analyse av risiko, for å nemne noko.

Les meir om studieplan og emner på industriell økonomi

Damås er svært engasjert i studentmiljøet. Han er leiar for linjeforeininga til industriell økonomi, INDØKS.

– Det er hovudsakleg slik eg har blitt kjent med mine medstudentar. Det er veldig mange som er engasjerte i linjeforeininga.

– Fadderveka legg også eit godt grunnlag for å bli kjent med folk på andre trinn, legg han til.

– Stavanger er ein passeleg stor by

Damås tok først ein bachelorgrad i kjemi og miljø (no teknisk miljøvern) ved UiS.

– Kva synest du om studentmiljøet i Stavanger?

– Det beste er at det er mange bra linjeforeiningar, særleg her på Det teknisk-naturvitskaplege fakultet, seier han og held fram:

– Det er ein passeleg stor by. Oslo kan for mange bli litt for stort. Her i Stavanger har ein det meste ein treng.

Les meir om studentlivet i Stavanger

– Engasjer deg så mykje som mogleg

25-åringen har eit par gode studietips til framtidige studentar:

– Det første er å prøve å engasjere seg så mykje som mogleg. Det trur eg er veldig lurt. På bachelorgraden såg eg at folk som droppa ut av studiet, var dei som ikkje var med på så veldig mykje. Det andre tipset er å studere jamnt heile semesteret.

På spørsmål om kvifor han vil anbefale studiet til andre, har han mykje forskjellig å trekke fram:

– Det er eit veldig spennande og interessant studium, som forandrar seg heile tida. Det kjem nye emner inn og ut, som tilpassar seg det grøne skiftet og andre ting. Det er dessutan veldig bra studiemiljø. Det er veldig mange flinke folk som vel å studere her, og det skjer veldig mykje i linjeforeiningane.

– I tillegg er det ein veldig bra jobbmarknad. Om det går dårleg i finansmarknaden, så går det bra i oljesektoren f.eks. Det er eit veldig breitt fagområde med veldig mange jobbmoglegheiter etterpå, fastslår han.

LES OGSÅ: 10 gode grunner til å velge UiS