Mikroemne ved UiS
Lyst til å studere berre litt? Då kan du ta eit mikroemne i noko du synest er spennande ved UiS.
Mellom 1 og 7 studiepoeng.
Anten heilt nettbasert eller med nokre samlingar. Sjå meir på det enkelte emnet.
Dei fleste emna har berre ei semesteravgift på 900 kr.
Dei fleste av emna er lagt til rette slik at dei kan kombinerast med arbeid. Sjå meir informasjon på det enkelte emnet.
Kva er eit mikroemne?
Eit mikroemne er eit emne der du får spesialisert kunnskap innanfor eit avgrensa tema.
Dette kjennetegner eit mikroemne:
- Få mellom 1–7 studiepoeng.
- Varer frå nokre veker til nokre månadar.
- Dei er nettbaserte eller samlingsbaserte.
- Få praktisk kunnskap for arbeidslivet.
- Perfekt for fagleg påfyll utan at du må ta ein heil grad.
Samlingsbaserte mikroemne
Heildigitale mikroemne
- Kritisk tekning i teori og praksis
- Histories on Energy Transitions
- Nature & Nation: An environmental history of Norway since 1850
- The Sixth Mass Extinction
Ta mikroemne over heile Europa
Universitetet i Stavanger er medlem av University, eit nettverk av innovative universitet i Europa. Gjennom dette samarbeidet får UiS-studentar tilgang til over 150 mikroemne på 12 ulike universitet.
Nokre er heildigitale, medan andre er samlingsbaserte. Då må du reise dit mikroemnet blir tilbode, som eit kort utvekslingsopphald. Bachelor- og masterstudentar kan søke reisestøtte for dette.
OBS! Tilbodet gjeld altså kun personar som allereie har studierett ved UiS.