Les våre betalingsvilkår nøye før du melder deg på eit kurs eller emne ved UiS Etter- og vidareutdanning (UiS EVU)
Fram til søknadsfristen sitt utløp kan du fritt trekkje søknaden i søknadsportalen til UIS Etter- og vidareutdanning (Velg institusjon - EVUweb (fsweb.no )
Vel du å trekkje deg frå eit kurs/vidareutdanning via UIS Etter- og vidareutdanning, er trekkfristen fra kurset 14 dagar etter motteke opptaksbrev.
Det betyr at du kan fritt kan melde deg av innan 14 dagar etter at du har motteke opptaksbrev. Avmelding skal sendast epost til studiekoordinator oppgitt i opptaksbrevet. Du vil motta ei stadfesting i retur på epost. Ta gjerne vare på den.
Vel du å trekkje deg/slutte etter angrefristen sitt utløp, etter kurset sin oppstart eller ved manglande frammøte, vert du belasta administrasjonsagvift.
Det er forbrukaren som må bevisa at avmeldinga er sendt innan fristen, dersom det skulle oppstå tvil om dette, jfr. §20 i lova.
Ved bestått/godkjend eksamen vil det ikkje påløpe kursavgift, berre semesteravgift. Dersom ein ikkje gjennomfører/består eksamen, vil det påløpe ein administrasjonsavgift på 3000,- per kurs.
Ved gyldig fråvær har ein fire forsøk på å bestå eksamen. Dersom ein ikkje har gyldig fråvær ved første forsøk, vil det bli sendt faktura for administrasjonsavgift.
Universitetet held på retten til å avlysa kurs med for få påmeldte.
Studentar som har betalt semesteravgifta vert automatisk oppmeld til eksamen.