Philip oppdaga batteri- og energiteknologi då han leita etter eit maskinstudium

Philip Halfdan Prøsch (25) sitt studieval var litt spontant. No har han jobb på ein batteribyttestasjon ved sidan av studiet.

Published Sist oppdatert
Gutt ved tre foran bygning
Student Philip Halfdan Prøsch

Namn og alder: Philip Halfdan Prøsch, 25
Heimstad: Bærum
Her bur eg i Stavanger: Like ved Jernaldergården (Ullandhaug)
Dette studerer eg no:
Batteri- og energiteknologi

Eg studerer batteri- og energiteknologi fordi:

– Eigentleg skulle eg studere maskin, så eg såg på maskinstudium ved forskjellige skular. Eg oppdaga at det var ei ny linje med batteri- og energiteknologi, og synest at det høyrdest mykje meir spennande ut. Det var eit veldig enkelt val for meg.

– Det var eigentleg eit litt spontant val. Det berre verka endå meir spennande enn alternativa.

Mitt favorittemne på studiet er:

– Akkurat no er favorittemnet mitt Reguleringsteknikk (ELE320). Eg likar veldig godt måten ein set opp system. Elektrokjemi (KJE210) er også spennande, men det viser seg å vere veldig vanskeleg. Det er kanskje derfor det emnet ikkje får førsteplassen for min del.

Derfor vil eg anbefale studiet:

– Eg kan absolutt anbefale studiet til andre. Det er eit veldig spennande felt for tida. Det er kanskje eitt av dei områda av studium som har mest potensial no. Batteriteknologi endrar seg frå år til år. Det kjem ny teknologi, og batteria blir betre og betre.

Dette er mitt beste studietips:

– Mitt beste studietips er å finne nokon å jobbe med. Det er i alle fall det som verkeleg har hjelpt meg å halde ut lenge. Å finne nokon som har mange felles fag, og som har litt same motivasjon til å vere på universitetet dei tidene du har lyst til å vere på universitetet.

LES OGSÅ: 10 gode grunner til å velge UiS

Slik blei eg kjent med medstudentar på UiS:

– Eg blei med i linjeforeininga ENTEK, og gjennom den har eg blitt kjent med folk – spesielt i klassen. Eg er også med i studentorganisasjonen ION Racing. Der blei eg medlem for ikkje så lenge sidan. Der har eg også blitt kjent med nokon. Eg synest studentmiljøet i Stavanger er veldig bra. Alle eg har blitt kjent med er veldig motiverte.

Dette likar eg å gjere på fritida:

– Det blir veldig mykje studiearbeid. Men eg er veldig glad i å gå tur. Det er ein av grunnane til at eg synest Stavanger er så fint. Eg har vore på dei vanlege stadane, som Kjeragbolten og Preikestolen, og eg har telta litt i Time kommune. Elles har eg motorsykkel her, og det er mange fine ruter.

LES OGSÅ: Ut på tur i Stavanger-regionen

Dette er typisk Stavanger:

– Eg synest ein finn så vanvitig mykje forskjellige folk i Stavanger. Kusina mi har også flytta hit, og gjennom henne har eg blitt kjent med veldig mange utanlandske studentar. Det synest eg er litt kult. Det viser at her er eit veldig internasjonalt miljø. Viss du er glad i å vere sosial, så er dette ein skikkeleg bra by. Storleiken på byen gjer det veldig enkelt å gå frå A til B.

Dette er min draumejobb:

– Eg veit ikkje heilt kva som er min draumejobb, men eg siktar meg inn på noko som har med batteriproduksjon og utvikling å gjere. Det er den vegen eg har lyst til å ta.

– Akkurat no jobbar eg hos ein batteribyttestasjon til NIO. Dei har stasjonar rundt omkring, der dei byttar elbatteri på eit par minutt.

– Studiet er veldig breitt, så ein har mange moglegheiter seinare.