Terese Bondas på prestisjetung liste over forskarar

Professor Terese Bondas ved Det helsevitskaplege fakultet på rangering over dei fremste forskarane i verda. 

Published Endret
Terese Bondas er professor ved Avdeling for folkehelse, Det helsevitskaplege fakultet

– Det var ei triveleg nyheit, men ikkje noko som eg tenker på i kvardagen min. Eg håper eg kan representera UiS og eit inspirerande forskingsfellesskap ved fakultetet og i forskarskulen PROFRES på ein god måte både nasjonalt og internasjonalt - med både tidlegare og ny forsking, fortel Terese Bondas.

Ho er professor ved Det helsevitskaplege fakultet og ein av UiS-forskarane på ein ny rangering over dei fremste forskarane i verda ifølgje Stanford Universitys World Ranking Of Scientist (2%).

Forskarar ved Stanford har gått gjennom ein database med publikasjonane til åtte millionar forskarar verda over, og plukka ut dei to prosentane som har publisert mest og vorte sitert flest gonger.

På lista, som totalt inneheld 160.000 namn, finn vi 17 UiS-forskarar for heile karrieren, og 20 på lista for 2019. Sett i forhold til stillingar innan undervisning, forsking og formidling ved UiS, utgjer dette for 2019 tre prosent av forskarane ved universitetet.

Metodeutvikling og sjukepleievitskap

Terese Bondas er forfattar av meir enn hundre publikasjonar på fleire språk, og rettleiar master- og doktorgradsstudentar og forskarar i postdoktorstillingar i ulike disiplinar i fleire land.

Ho er òg initiativtakar og leiar av det tverrfaglege forskingsnettverket Childbearing - Qualitative Research Network (BfiN) som inkluderer meir enn 100 forskarar og doktorgradsstudentar.

– Forsking og publisering er meir enn ein jobb. Det er ei stor interesse som gir meg mykje glede, men sjølvsagt òg utfordringar. Eg bruker mykje av mi tid til forsking, og både lesar og skriv mykje. Og eg følgjer òg med på forsking innan mine tre interesseområde, seier ho.

Interesseområda hennar er teoriutvikling innan sjukepleievitskap; familieperspektiv, sjukepleieleiing og pleiekultur. Fleire av hennar mest siterte artiklar er òg innanfor desse områda.

– Ei stor interesse for meg har vore metodeutvikling, spesielt metasyntese og fenomenologiske metode. Eg brukar mykje av eigen forsking i undervisning og rettleiing, legg ho til.

Ny tverrfagleg kunnskap

På spørsmål om kvifor ho trur at akkurat desse artiklane har slått godt an, svarer ho at det tar tid før publikasjonar blir synleggjort i andres forsking gjennom siteringar.

– Eg har lang erfaring frå forsking innan metodeutvikling og sjukepleievitskap. Publikasjonane bidrar med ny kunnskap, som er brukt vidare i metode og teori. Dei har òg tverrfagleg interesse, ikkje berre innan helsevitskap, forklarar Bondas.

Ein av artiklane hennar er siterte over 5000 gonger, noko som er ganske unikt.

– Grunnen til dette er nok at metoden vi beskriv kan nyttast innan ulike fagområde. Det er ein metodeartikkel frå eit internasjonalt samarbeid som samanliknar to sentrale metodar - kvalitativ innhaldsanalyse og tematisk analyse. Vi presenterer og diskuterer ulike bruksområde, seier ho.

Metodeutvikling:

Sjukepleievitskap:

Professor
51834519
Det helsevitenskapelige fakultet
Avdeling for folkehelse