UiS-forskar blir sjefredaktør for internasjonalt tidsskrift

Professor Dolly Jørgensen har tatt over som ein av dei to sjefredaktørane for tidsskriftet Environmental Humanities frå nyttår.

Published Sist oppdatert

Mann med skjegg og grønn skjorte og kvinne med briller ser mot kamera.
Franklin Ginn og Dolly Jørgensen tok ved årsskiftet over som sjefredaktørar i tidsskriftet Environmental Humanities

Publisert første gong 31.01.2020

Environmental Humanities er det fremste internasjonale tidsskriftet innanfor det tverrdisiplinære fagfeltet miljøhumaniora. Tidsskriftet er fagfellevurdert, kjem ut to gonger i året, har open tilgang og blir gitt ut på Duke University Press.

- Dette er ei stor fjør i hatten for Greenhouse-miljøet, gitt at vi her snakkar om det fremste tidsskriftet på fagfeltet vårt, seier Jørgensen sjølv.

Ho er stolt og glad over oppdraget ho har fått, og gleder seg til å ta fatt på jobben. Dei to sjefredaktørane arbeider saman med eitt team av redaksjonsmedlemmer for å velge ut potensielle artiklar blant dei tilsendte artiklane. Vidare jobbar dei i lag med forfattarane for å sikre høg kvalitet på publikasjonane.

- Miljøhumaniora er eit ganske ungt fagfelt. Environmental Humanities som flaggskiptidsskrift har derfor stor innverknad på kva som blir rekna som god forsking på dette området, fortel ho.

Sidan miljøhumaniora er eit tverrdisiplinært fag publiserer Environmental Humanities artiklar som ikkje finn sin rette plass i andre miljøtidsskrift, og ønsker med det å nå ut til eit breiare publikum. Tidsskriftet legg vekt på at artiklane skal vere av høg kvalitet, og legg til rette for at miljøspørsmål blir debattert debatt både innad i humaniorafaga, men også mellom humaniora og natur- og samfunnsvitskap.

Dolly Jørgensen deler jobben med Franklin Ginn ved University of Bristol, Storbritannia. Ginn vitja UiS denne veka som gjesteforskar, og nytta høvet til å møte Jørgensen og halde eit seminar for Greenhouse-miljøet på IKS.

Tekst og foto: Anja Kristin Bakken