Hopp til hovedinnhold

Tilgang til biblioteket heimanfrå

Få tilgang til biblioteket sine elektroniske bøker, artiklar og databasar kvar som helst, når som helst!

Publisert: Endret:

Få fjerntilgang med innlogging eller med Lean Library

Logg deg inn med Feide-ID for å få fjerntilgang i ein avgrensa periode, eller bruk nettlesarutvidinga Lean Library for å få fjerntilgang heilt automatisk.

Feide-pålogging: Logg deg inn her for å få fjerntilgang.

  • Når du har logga inn skal du sjå ezproxy.uis.no som ein del av URLen i nettlesaren din. Dersom denne delen av adressa er vekke, har du mista tilgangen.
  • Du blir logga ut automatisk dersom du ikkje har brukt nokre av sidene den siste timen.
  • Lukk alle opne faner for å logga ut.

Du kan eventuelt bruke nettlesarutvidinga Lean Library for å få fjerntilgang. Når du har installert Lean Library får du tilgang til våre elektroniske bøker, artiklar og databasar, uansett kvar du befinn deg.

  • Gå til leanlibrary.com/download
  • Last ned og installer nettlesarutvidinga
  • Vel University of Stavanger som institusjon
  • Tips: ikkje hak av Skip the popup and automate my access. Då kan du sjølv velje kva for nokre nettstader Lean Library skal fungere på.
  • Lean Library fungerer ikkje på mobil eller nettbrett

Nettlesar

Dersom fjerntilgangen ikkje fungerer kan du prøve å bytte nettlesar.
Tilrådde nettlesarar er Firefox og Chrome.

Copyright

Hugs at biblioteket sine elektroniske ressursar berre kan nyttast i samband med studiar/arbeid ved UiS. Materialet er beskytta av lova om copyright. Det er ikkje tillate å vidaresende det til andre.

Spør oss!

Kontakt biblioteket

ub@uis.no

Problem med innlogging?

Ta kontakt med IT-avdelinga dersom du har problem med å logge deg inn:

Telefon: 51 83 30 00
E-post: it-hjelp@uis.no