UiS-studentar fekk besøke miljøbevisst bedrift: – Veldig imponert og spent på framtida

Studentane synest det var interessant å sjå korleis det dei lærer på studiet fungerer i den verkelege verda.

Publisert Sist oppdatert

Måndag 15. april deltok masterstudentar frå studieprogramma miljøteknologi og økonomi og administrasjon ved Universitetet i Stavanger (UiS) på ein felttur til Lindesnes.

Studentane besøkte GE Healthcare sine fabrikkar. Denne bedrifta utviklar, produserer og sel produkt retta mot helsesektoren, og er ein globalt leiande produsent av kontrastmiddel til heile verdsmarknaden.

Ekskursjonen var organisert gjennom InGenious-programmet. Eit program som forsøker å byggje bru mellom den akademiske verda og næringslivet.

13 personer i arbeidsklær
Studentar frå Universitetet i Stavanger på besøk hos GE Healthcare i Lindesnes.

– Aukar kvaliteten på utdanninga

Student Andreas Andersen frå økonomi og administrasjon synest det var nyttig å koble teorien til praksis:

– Det er interessant å sjå korleis det du lærer i klasserommet fungerer i den verkelege verda. Slike aktivitetar bidreg til å auke kvaliteten på utdanninga for meg. Eg får mykje kunnskap som eg ikkje ville fått frå ei lærebok, og det utgjer ein stor forskjell, seier han.

Julia Susanne Halvorsen er tidlegare UiS-student, og jobbar no som forskar ved GE Healthcare. Ho tok imot studentane frå UiS.

– Det har vore fascinerande å samarbeide med InGenious-programmet dei siste tre åra. Eg har jobba med nye kollegaer både ved Universitetet i Oslo og Universitetet i Stavanger. Vi treng kloke hovud for framtida sine utfordringar, fastslår ho.

Mann holder foredrag. Studenter sitter rundt et bord.
Her får studentane eit innblikk i korleis GE Healthcare jobbar for å vere miljøvennlege.

Lærte om avfallshierarki

Studentane fekk også møte berekraftsdirektøren ved GE Healthcare, Erlend Fævelen. Han delte verdifull innsikt om prosessforbetring mot ein meir berekraftig produksjon i selskapet. Tre hovudprosjekt vart lagt vekt på: røntgenkontrastmiddel, MR-kontrastmiddel og sirkulærøkonomi.

Studentane lærte også om avfallshierarkiet med dei tre r'ane: «Reduce – Reuse – Recycle», og innverknaden til å oppnå både økonomisk og miljømessig berekraft.

Etter presentasjonen utforska studentane prosessforbetringsanlegga, laboratorium og behandlingsanlegget for bioavfall. Ekskursjonen gav ei omfattande forståing av GE Healthcare si drift og forplikting til berekraftig praksis.

Studenter i arbeidsklær
Her får UiS-studentane omvisning på fabrikkane i Lindesnes.

UiS-student: – Relevant og interessant tur

Student Prince Gora frå miljøteknologi var nøgd med ekskursjonen:

Dame i arbeidsklær
Julia Susanne Halvorsen tok utdanninga si ved UiS, og jobbar no hos GE Healthcare.

– Det var ein veldig relevant og interessant tur. Eg såg mykje av det vi studerer i timane bli brukt i industrien. Det var også veldig interessant fordi dei har eit så berekraftig system.

Han fortel at GE Healthcare forsøker å bruke om igjen alt løysemiddelet deira minst fire gonger, og så prøver dei også å produsere eigen energi.

– Det er fantastisk. Eg er veldig imponert og spent på framtida, seier UiS-studenten.

Halvorsen ved GE Healthcare legg vekt på kor viktig det er at industrien og universiteta knyter kontakt:

– Då eg var student, hadde eg moglegheita til å møte mange interessante menneske med ulike bakgrunnar. Eg trur det er viktig at industrien samarbeider med universiteta, slik at universiteta ser kva industrien treng, og studentane ser korleis den verkelega verda ser ut.