Hopp til hovedinnhold

Ultralyd for helsepersonell. Det nye stetoskopet?

Ultralyd er eit viktig diagnostisk hjelpemiddel som sikrar god pasientbehandling. Under Påfyll forklarte forskarar ved UiS kvifor ultralyd bør nyttast i større grad enn i dag.

Publisert: Endret:
Foto: Shutterstock

–  Eg var på jobb i luftambulansen en dag for 10 år sidan. Vi vart sendt på eit oppdrag som vi ikkje nødvendigvis tolka som svært akutt. Når vi kom fram viste det seg at pasienten ikkje var ei dame slik vi var førebudd på. Det vi fann var eit foreldrepar som utførte hjarte- og lungeredning på si 18 månadar gamle dotter. 

Slik starta anestesilege og forskar Nils Petter Oveland sitt innlegg under Påfyll.

Dei fekk frakta jenta i ambulanse til akuttmottaket og sette i gang behandling. Helsepersonellet fekk etter kvart meir informasjon frå foreldra, og byrja å tenka på kva som kunne vera årsaka til hjartestansen, til dømes ein alvorleg infeksjon med blodforgifting.

– I slike tilfelle er det vanleg å gi væske. Vi gav ei lita mengde, omlag ein kaffikopp, og fekk eit voldsomt problem. Lungene hennar vart fylt med væske og etter kvart kom denne væska opp luftvegen. Dette er noko vi pleier å sjå hos pasientar med alvorleg hjartesvikt eller hjarteinfarkt. Det er veldig uvanleg på eit lite barn, forklarte Oveland.

Tilførsel av ei lita mengde væske utgjorde dermed ein fare for livet til denne jenta, men kva kunne forårsaka dette?

– Eg gjorde derfor ei undersøking av brystkassa med ultralyd og kunne sjå at det venstre hjartekammeret såvidt klarte å slå. Denne vesle jenta hadde ein alvorleg hjartesvikt, og hjartet hennar tolte ikkje å få meir væska inn i blodårene.

Det var avgjerande at ultralyd vart tatt i bruk for å redde livet hennar, og denne situasjonen vart starten på Oveland si interesse for teknologien.

Kan spare verdifulle minutt og sekund i akutte situasjonar

Oveland forklarte vidare korleis ultralydapparatet, basert på lydbølgjer, kan gje oss todimensjonale bilete av mellom anna vev, store organ eller ledd, eller av fosteret under graviditet.

Dei siste ti åra har ultralydapparata vorte meir nøyaktige og mobile. Dagens ultralydapparat kan haldast i handa, og dermed kan helsepersonell ta med seg utstyret for å diagnostisera pasientar der dei er.

–  Med ultralyd kan ein oppdaga alvorlege tilstander som indre blødingar, punktert lunge, hjartesvikt og årsaker til hjartestans, fortel Oveland.   

Slik kan helsepersonell stilla raskare og meir korrekte diagnosar, noko som kan bidra til at tidskritisk behandling blir sett i verk på eit tidlegare tidspunkt.

Bruk av ultralyd utanfor sjukehus

Bruken av berbare ultralydapparat utanfor sjukehuset har òg vist seg nyttig. Støy og ulike vêrforhold gjer det vanskeleg å undersøka pasientane med for eksempel stetoskop.

I desember kunne vi i Magasinet til Stavanger Aftenblad lesa om Pål Tollagsen som fekk hjartestans. Takka vera ein familie som kunne førstehjelp og eit berbart ultralydapparat som Nils Petter Oveland hadde med i ambulansen, vart livet hans redda. 

–  Vi veit sjeldan kvifor ein hjartestans oppstår. Er det på grunn av blod rundt hjarteposen? Er éin eller fleire blodårer til hjartet tette? Bløding? Blodpropp i lungene? sa Oveland til Aftenbladet.

I dette tilfellet kunne Oveland, ved bruk av ultralydapparatet, sjå at nedre del av hjartet sleit med å trekka seg saman. På veg til sjukehuset kunne han derfor melde at dei hadde ein pasient som skulle fraktast rett til hjartelaben for operasjon. Dette sparte dei for verdifull tid.

Les meir: Slik fikk de Pål Tollagsens hjerte til å slå igjen (berre for abonnenentar - Alle studentar ved UiS har gratis tilgang til ei rekke nettaviser – les meir om dette her)

Satsing på medisinsk ultralyd ved UiS 

Universitetet i Stavanger fekk nyleg 3 millionar kroner frå Universitetsfondet til satsing på ultralyd. Sparebankstiftelsen SR-Bank har allereie bidratt med utstyr.  

– Vi bygger nå opp en faggruppe for ultralyd ved UiS. Målet er at ultralydundervisning skal bli ein del av fleire studiar ved Det helsevitskaplege fakultet, sa Oveland. 

Victoria Vatsvåg er ein av medlemane i nettverket, og er tilsett som stipendiat i ultralyd ved UiS. Under Påfyll presenterte ho funn frå doktorgradsprosjektet sitt der ho undersøker kvalitet, gjennomføring og utbytte av fjernundervisning i ultralyd og kliniske undersøkingar.

– Hausten 2020 sendte vi ultralydapparat rundt om i verden for å sikra masterstudentar best mogleg undervisning i ultralyd under pandemien. No ønsker vi å rekruttera masterstudentar som vil få same undervisninga på campus som kontrollgruppe, avslutta ho.

Les mer om prosjektet: Kan ultralydundervisning digitalt vera like effektivt som på campus?

Tekst: Cathrine Sneberg

Om Påfyll

Frukostmøta Påfyll blir arrangert av Det helsevitskaplege fakultet kvar onsdag frå kl. 08:15-09:00 enten på Zoom eller i kantina i Kjell Arholms hus. Det vil vekslast mellom samtalar, debattar, skråblikk, humor og innlegg om helse og andre spørsmål som kan setja i gang den gode praten. Det vil vera ei avgrensa mengde plassar tilgjengeleg grunna smittevern. Studentar ved Det helsevitskaplege fakultet vil ha prioritet våren 2021.