Fagdidaktisk samarbeid i engelskfaget

Samarbeidet har som mål å knyta fagdidaktisk teori og praksis saman, både for studentar i engelsk fagdidaktikk, men også for faglærarane ved IKS, UiS og St. Svithun vidaregåande skule.

Published Sist oppdatert
Elever ved St. Svithun vgs våren 2022
Elever ved St. Svithun vgs våren 2022.
Foto: Christine Urdal.

I engelskfaget har Åshild Naustdal Jakobsen (St. Svithun vgs) og Torill Irene Hestetræet (UiS) delteke i universitetsskulesamarbeidet sidan hausten 2021, med første førelesingsseminar saman i januar 2022. Me har samarbeidd om følgjande:

a. Undervisning i engelsk fagdidaktikk på UiS kvart semester, med fokus på førelesingsseminar om skriving (korleis gje tilbakemelding på og vurdera elevtekstar i engelsk) og om vokabularutvikling. Me førebur timane saman, og trekkjer inn både praksis frå klasserommet, elevtekstar, vurderingskriterier frå Udir og engelsk fagdidaktisk teori og forsking.

Studentane gir gode tilbakemeldingar på at dei synest det er svært nyttig å få denne tilknytinga til kva som føregår i vidaregåande skule i engelskfaget.

b. Fagleg dialog mellom engelsklærargruppa på St. Svithun og fagdidaktikar i engelsk (UiS) – med fokus på munnleg engelsk og korleis relatera seg til elevar som motviljug snakkar engelsk, og på korleis gje tilbakemeldingar på elevtekstar.

Dette faglege samarbeidet er svært lærerikt og meiningsfullt for oss faglærarar. Studentane gir gode tilbakemeldingar på at dei synest det er svært nyttig å få denne tilknytinga til kva som føregår i vidaregåande skule i engelskfaget.