Levende historie

Prosjektet tar for seg elevar sitt forhold til historie, dvs. historiekulturen deira.

Published Sist oppdatert
Elever ved universitetsskolen St. Svithun vgs i diskusjon i en historietime
Elever ved universitetsskolen St. Svithun vgs i full diskusjon i en historietime. Foto: Christine Urdal, 2022

Prosjektet «levende historie» er eit samarbeid mellom forskargruppa Future Past Group med professor Alexandre Dessingué ved UiS og historiefagseksjonen ved St. Svithun videregående skole. 

Prosjektet tar for seg elevar sitt forhold til historie, dvs. historiekulturen deira. Det er sendt ut ein spørje-undersøkelse til ca. 250 elevar. Nokre av spørsmåla dreier seg om historiefaget på skulen, mens andre gjeld historie som eit generelt tema i kvardagen og i samfunnet.

Elevane har fått adgang til resultata av spørjeundersøkelsen og har jobba aktivt med å analysere resultata saman med lærarane, som ein del av historieundervisninga. Slik har dei fått moglegheit til å forske på historiekultur som ein del av kvardagen både i og utanfor skulen. Prosjektet starta opp hausten 2023 og er pågåande.