Unn deg gleda ved formidling!

Formidling er mindre krevjande – og meir gjevande – enn du trur.

Published Sist oppdatert

Klaus Mohn ved  Det nasjonale IOR-senteret.

Dette innlegget ble fyrste gong publisert 10. januar 2020.

Til morgonen i dag var eg bydd inn til fagleg frukostmøte hjå SV-fakultetet her ved Universitetet i Stavanger. Temaet var formidling på debattplass i dagspressa, og eit forfall gjorde at dekan Gro Ellen Mathisen bad meg om å stille opp som reserve på kort varsel.

Utan førebuing er det alltid krevjande å snakke for publikum om noko ein ikkje har snakka om før. Men her handla det om ei viktig sak for UiS. Samstundes kjente eg at engasjementet var på plass, og at eg kanskje hadde gode og mindre gode erfaringar å dele frå mitt eige samarbeid med dagspressa gjennom dei siste åra. Dermed brukte eg ikkje så altfor lang tid før eg sa ja. Eit hovudpoeng for meg, kom eg til, måtte være å avdramatisere heile formidlinga, og forsøke å motivere fleire til å gripe pennen og løfte formidlingsaktiviteten ved UiS.

Formidling gjev mykje tilbake

For dei fleste er det å skrive ein tekst for debattsidene i ei avis mindre krevjande enn det kan sjå ut til. Med eit visst engasjement, for kunnskapen ein sit på og/eller for samspelet med samfunnet rundt oss, så vil formidling i dagspressa gje mykje tilbake, for den enkelte, for fagmiljøet og for UiS som institusjon.

Eit meir ope universitet er ei av målsettingane for det nye rektoratet. Dette føreset at me evnar å lytte til utviklinga i omverda, fange opp tendensar og trendar i samfunnsutviklinga, gripe dei store utfordringane der ute, og omsette det heile til produksjon av relevant kunnskap gjennom forsking og utdanning. Eit meir ope universitet må og innebere at me evnar å dele raust med det me kan og veit, slik at kunnskapen me utviklar får relevans og gjennomslag – for åtferd blant hushald og føretak, og ikkje minst for politikkutviklinga.

Sjølv skriv eg jamt og trutt for aviser og andre tidsskrift. Men for ti år var det verkeleg ikkje slik. Då var eg for nybegynnar å rekne på dette området. Med mitt engasjement for økonomi, energi, samfunn og politikk, så har motivasjonen likevel alltid vore på plass for å gjere seg gjeldande i samfunnsdebatten. Men det var først då eg gradvis forlet næringslivet at høvet opna seg for verkeleg å ta plass på debattsidene. Som i så mange andre samanhengar, så tenkte eg at dette var noko eg verkeleg hadde lyst til å meistre, så då var det berre å gå i gang.

Øving gjer meistar

Ingenting kjem av seg sjølv, heller ikkje når det gjeld formidling i dagspressa. Difor er det sjølvsagt viktig å tillate seg å forsøke, men og å feile. Me kjenner vel alle på risikoen for å gå i baret, tape ansikt eller komme i vanry. Her er det viktig å sjå litt stort på det, og ikkje ta seg sjølv for høgtideleg. Børste støvet av skuldrane, rette seg opp og gå vidare, om ein skulle gå på ein smell. Det står trass alt ikkje om livet.

Dagspressa blir ikkje lesen med lupe, og minnet er som oftast veldig kort når det gjeld bodskap frå denne type medium. Om du skulle trå skeivt ein gong eller to, så vil det fort gå i gløymeboka. Kven huskar kva som stod i avisa i førre veke? Husk elles at ein kan løfte kvaliteten og redusere risikoen ved dei ein skriv om ein sirkulerer teksten blant venar og kollegaer før innsending til ei passande avis. Øving og erfaring vil og redusere risikoen, og i tillegg gjere det enklare å popularisere faglege bodskap av god kvalitet på stadig kortare tid.

Vegen til publisering

Vær elles merksam på krav til form og omfang hjå dei ulike avisene sine debattsider. Om kravet til ein kronikk er 5000 teikn (inkl mellomrom), så hald deg til det. Elles vil debattredaktør ha eit svært enkelt argument for avslag. Aksept og publisering vil elles bli meir sannsynleg om bodskapen din kastar lys over eit dagsaktuelt tema, eller om teksten din grip inn i ein debatt som allereie er i gang.

På menyen for nyheitsmedia står meiningsskilnad og konflikt. Så om du tek eit klart og godt grunngjeve syn i ei kontroversiell sak, så vil dette gjerne heve sannsynet for publisering. Det same gjeld om du kan by på retoriske grep og spissformuleringar som kan gjere teksten meir interessant og tankevekkande. Som akademisk forskar skal ein her likevel være på vakt. For innpakkinga bør ikkje kome i vegen for innhaldet, etter som substansen kanskje er det aller viktigaste å verne om ein vil ta vare på omdømet som representant for Akademia.

Formidling kan gjere ein forskjell

Det ultimate målet for forskinga er kanskje å gjere ein forskjell. Dette føreset at kunnskapen ein produserer faktisk får gjennomslag og gjev opphav til ei anna utvikling enn ein elles ville fått. Då må ein kanskje finne seg i å skape uro. Rundt meg storma det spesielt mykje då eg formidla resultata frå ei verdsetting av olje- og gassverksemd utanfor Lofoten/Vesterålen på kronikkplass i Aftenposten sommaren 2017, med resultat som motiverte to siders reportasje i avisa same dagen. Min spissformulerte bodskap var at Noreg etter alt å døme har råd til å la Lofoten/Vesterålen ligge urørt, og at dei økonomiske tapa ved vern er mindre enn olje- og gassinteressene vil ha det til. Då gikk det fyr i teltet, og eg måtte bruke ferietida på å svare mellom anna olje- og energiministerenkonsernleiinga i Statoil/Equinor, samt kollegaer som var kritiske til analysen min. Men grundig fagfellevurdering og seinare publisering i nivå 2 - tidsskriftet The Energy Journal gjer meg trygg på at analysen ikkje kan avfeiast.

Merk elles at engasjement og formidlingstrong ikkje er noko som er øyremerka for akademisk tilsette. Sjølv hadde eg gleda av å bli irettesett av ein utmerka representant frå UiS-administrasjonen då eg gikk litt friskt til verks og trakka administrativt tilsette på tærne i ein gjestekommentar for Stavanger Aftenblad for eit par år sidan. Engasjement er noko me alle kan ha glede av, og UiS-tilsette frå alle hjørne av organisasjonen kan oppmodast til å delta i formidling og debatt.

Formidling er enklare enn du trur: Gleda ved merksemd og påverknad gjev meining til arbeidet, og fordelane er store – for deg sjølv, for arbeidsmiljøet og for UiS sin attraktivitet og omdømme. Før ein har begynt er lett å grave seg ned i ulempene, medan gevinstane først kjem til syne når ein har halde på ei stund. Vær trygg på at øving og erfaring vil gje meir skriveglede, betre kvalitet og lågare risiko.

Det beste rådet er difor berre å kome i gang!