Video: Lesing er å utvikle språket

Lesing er ein samansett og kompleks prosess som i hovudsak handlar om å vera aktiv i høve til lesinga. I denne filmen ser me nærare på korleis elevane utviklar språket gjennom arbeid med ord, omgrep og faguttrykk frå fagtekstar. Filmen viser varierte metodar frå samfunnsfag og matematikk på 10. trinn og i økonomi i samfunnsfag på VG2.

Published Sist oppdatert

Læraren spelar ei viktig rolle som leserettleiar i alle fag. Filmen viser praktisk arbeid med lesing og tekst i RLE-faget på 4. trinn, samfunnsfag, naturfag og matematikk på 10. trinn, og samfunnsfag på 2. trinn i vidaregåande, studiespesialisert retning.

Denne filmen er ein del av filmen Lesing som grunnleggjande ferdigheit, som fokuserer nettopp på ulike sider ved det å lesa, alt frå engasjement i høve til tekst, til avkoding og forståing.