Hopp til hovedinnhold

Vil synleggjere Beredskapsrådet

Gøril Heitmann er ny leiar i Beredskapsrådet. Med fersk læring frå koronakrisa trur ho rådet i enda større grad vil vere nyttig for folk i UH-sektoren.

Publisert: Endret:

Gøril Heitmann er ny leder av Beredskapsrådet. Hun vil bidra til å gjøre arbeidet deres mer synlig. Foto: Jonatan Ottesen/UiT

I april 2020 blei Gøril Heitmann vald til ny leiar for Beredskapsrådet. Rådet er eit frivillig tiltak for å styrkje arbeidet med samfunnstryggleik og vernebuing i kunnskapssektoren.

– Ei stor tillitserklæring, seier ho.

Framover skal Heitmann vere talsperson for Beredskapsrådet og sørgje for at kunnskapen dei sit på når flest mogeleg.

Heitmann har dei siste tre åra vore assisterande universitetsdirektør ved Universitetet i Tromsø. Før det hadde ho fleire leiarstillingar i Skatteetaten.

– Mi erfaring frå kunnskapssektoren var knytt til det å vere student. Eg blei fort del av ein ny og kjempespennande sektor, som spenner breitt. Det har vore nødvendig å bruke tid på å byggje kompetanse på sektoren. Dette er ein sektor i stadig utvikling, seier Heitmann.

Fersk koronalæring

Under møtet der Heitmann blei vald til å overta leiarjobben etter Solveig Svendsberget, var det eitt temaet som overskygt all anna – koronakrisa.

– Vi sat alle midt i vernebuingsarbeid knytt til korona, og delte dei erfaringane vi har gjort oss så langt. Vi ser at arbeidsbelastinga har vore stor, særleg fram til stenging av universiteta 12. mars. Ei av dei fyrste utfordringane var å skaffe oversikt over alle som var ute, både studentar og tilsette. Sida kom det psykososiale, det å ha kontakt med alle som sit heime. Ikkje minst har det vore utfordrande å sjå så mange studentar miste jobbane sine. Mange av spørsmåla som har kome, er frå internasjonale studentar som har bedt om hjelp. Dette er ei veldig sårbar gruppe, langt heimanfrå og med eit stort informasjonsbehov, seier Heitmann.

I arbeidet vidare skal Rådet gå inn på somme enkeltområde og gjere dybdeintervju med tilsette i sektoren.

– Korleis handterte vi dei ulike utfordringane? Vi vil nok avdekkje både sterke og svake sider, seier ho og legg til at ein konklusjon kan trekkjast allereie.

– Den enorme digitaliseringa vil vere det store produktet frå denne krisen.

Førebyggje radikalisering

Rådet sitt fyrste oppdrag var å lage ein tiltakslissa for førebygging av radikalisering og valdeleg ekstremisme. No startar arbeidet med å sjå på kva som har skjett i sektoren etter at lista blei send ut. Korleis har institusjonane følgt opp tiltaka?

Det neste viktige arbeidet dreier seg om eksportkontroll. Det er ei overordna nemning som inkluderer fleire problemstillingar i akademia: Forskingssamarbeid, informasjonsoverføring, datatryggleik, studentutveksling, internasjonalisering med meir. Jobben til Rådet er å lage ein rettleiar som både forskingsnettverk og leiarar ved Universitetene kan dra nytte av.

Viktigast av alt; Hvordan kan vi betre nå ut med råda våre, korleis kan vi vere nyttige for folk i kunnskapssektoren? Det blir hovudoppgåva mi som leier av Rådet, avsluttar Heitmann.

(Denne artikkelen blei publisert første gong i juni 2020)

Gå til nettsida for Beredskapsrådet