MENY

59 poeng

Styrerepresentanten for dei fast vitskapleg tilsette i UiS-styret må vere budd på å korrigere svake saksframlegg.

I 2014 samanlikna med 2011 viser oppteljinga 59 mindre publikasjonspoeng som indikator for forskingsaktiviteten ved UiS. Det tilsvarer ein nedgang på 11 prosent.

Denne nedgangen vekkjer otte i departementet, og han har ført til fleire saker i UiS-styret hausten 2015 (jf. sak 88/15 og 89/15 til universitetsstyret). Ei sentral forklaring i saksframlegg til UiS-styret er det vi kan kalle kulturforklaringa. I røynda går denne forklaringa ut på at vitskapleg tilsette har lagt seg til litt bortskjemde haldningar dei siste åra.

4. november lanserte Per Ramvi, tidlegare universitetsdirektør ved UiS, si eiga og vel så originale forklaring. I eit lesarbrev til Stavanger Aftenblad kopla han nedgangen til innføring av interne styringsorgan ved Universitetet; løysinga hans er å slutte med vald rektor ordninga.

59 poeng er eitt poeng mindre enn det ein av toppforskarane ved UiS eine og åleine stod bak på eitt år. Når forskingsproduksjonen til ein mann kan avgjere oppgang og nedgang, viser det at indikatorane er sårbare. Biletet er dessutan samansett. Frå 2005 til 2011 var framgangen på over 300 prosent. Det var kraftig vekst i tildelte forskingsrådmidlar både i den første og andre perioden.

Nokre fakultet og institutt hadde høgare forskingsproduksjon i 2014 enn i 2011. Dermed held ikkje forklaringa om styreordning og ikkje kulturforklaringa heller, som årsaker til nedgang. Når forklaringsmodellar ikkje held, gjer ikkje løysingane dei munnar ut i det heller. 

La meg slå fast at det er klårt at når tilsette har forskingstid, må dei over tid kunne vise til forskingsresultat. Men i intensive kunnskapsverksemder som ved eit universitet, må organisasjonsutvikling vere basert på klåre innslag av kommunikativt leiarskap. Her spelar styrerepresentanten frå dei fast tilsette ei svært viktig rolle for å representere erfaringane til nykelpersonalet og stundom korrigere røyndomsoppfatningar. 

Eg er overtydd om at styreavgjerdene vert meir fornuftige om erfaringane til dei fast tilsette kjem klart fram. Sjølv stiller eg som kandidat til UiS-styret fordi eg etter nærare 25 år ved universitetet og med bakgrunn i politikk og organisasjonsliv meiner eg er i stand til å vere ei klår røyst for dei fast vitskapleg tilsette.



Svein Tuastad




Kommentér innlegget

Kommentaren din blir synlig under innlegget som du har valgt å kommentere.