MENY

Slå ring om universitetsdemokratiet

Eg er svært samd i innlegget til Johan A. H. Thorkaas (05.03.2019). Eg har tatt opp det same sjølv i forkant av valet.

Som representant i UiS-styret for vit.fast tilsette og som kandidat ved dette valet er nettopp å slå ring om demokratiet og verne om fagleg og institusjonell autonomi dei aller viktigaste universitetspolitiske sakene, meiner eg.
Fordi eg sjølv stiller til val, er det uryddig å skulle krevje annan praksis enn valstyret legg opp til ved dette valet. Men det som må sikrast er at alle kandidatane får likt høve til å presentere seg. Praksisen no synest å innfri dette.
Det ville vore best med ein debatt og presentasjon som vart streama og lagt ut slik at alle kunne sjå denne. Det oppleves no som om vi som er kandidatar, ikkje når nok ut til dei som skal velje.
Eg har signalisert at eg etter valet vil spele inn nettopp det Johan A. H. Thorkaas som ein lærdom av denne valprosessen, slik valsstyret sin sekretær også skriv om.

Svein Tuastad




Kommentér innlegget

Kommentaren din blir synlig under innlegget som du har valgt å kommentere.