MENY

106 millionar til ny forsking på UiS

Universitetet i Stavanger fekk tilslag på 10 forskingsprosjekt då Forskingsrådet nyleg fordelte pengar frå tidenes største pott til forsking. Helse, arkeologi og klimarisiko er blant prosjekta.

Troels Jacobsen og Merete Vadla Madland Dette er leiarane for dei 10 prosjekta som vann fram i NFR, i rekkefølge (sjå lista under).

Heile 10 forskarprosjekt er nyleg tildelt 10 forskarar ved Universitetet i Stavanger. 

Totalt er 2303 søknadar behandla hos Forskingsrådet. Omlag 350 av dei fekk positivt svar. Dimed har omlag 11 prosent av søknadane nasjonalt fått tilslag.

UiS sendte inn 79 søknader og har ein tilslagsprosent på omlag 13 prosent.

Fire av prosjekta UiS har fått er såkalla Fripro-prosjekt. Dei andre seks forskarprosjekta er tildelt i Forskingsråds-programma: Petromaks 2, Helsevel, Samrisk og Romforsking. 

Stornøgd UiS-leiing

– Det er formidabelt at vi har fått så god utteljing på dei søknadene vi har sendt inn, seier Merete Vadla Madland, prorektor for forsking ved UiS.

Ho er den fyrste til å gratulere dei ti forskarane og er imponert over arbeidet dei har nedlagt i søknadane sine.

– I tillegg til å berømme forskarane, vil eg også trekke fram det gode arbeidet som Forskings- og innovasjonsavdelinga har gjort saman med Økonomiavdelinga og fakulteta når det gjeld å gje forskarane administrativ støtte gjennom heile søknadsprosessen.  

Troels Jacobsen, forskings- og innovasjonsdirektør, er stornøgd med at UiS har fått tidenes største samla tilslag på forskarprosjekt. 

– Vi er svært glade for at vi får så god utteljing i det mest konkurranseutsette programmet som Forskingsrådet har. Her har forskarane våre gjort ein formidabel innsats. Saman har vi jobba godt med kvaliteten i søknadane. Det har gjeve resultat, seier Jacobsen.

Dei 10 prosjekta er:

Magnetic Recycling of Oilfield Production Chemicals – A New Green Approach Giving Zero Chemical Discharge.
NFR-program: Petroleum (PETROMAKS 2).
Prosjektleiar: Mohamed Mady, Institutt for kjemi, biovitskap og miljøteknologi

Mitochondrial glycolysis as a target for disease control of pathogenic stramenopiles
NFR-program: Livsvitskap FRIPRO
Prosjektleiar: Mark van der Giezen, Institutt for kjemi, biovitskap og miljøteknologi

Back to Blood: Pursuing a Future from the Norse Past
NFR-program: Humaniora og samfunnsvitskap FRIPRO
Prosjektleiar: Anne Kalvig, Institutt for kultur- og språkvitskap

Nurse Assisted eHealth Service From Hospital to Home: Ameliorating Burden of Treatment among Patients With Non-Communicable Diseases
NFR-program: Helse (HELSEVEL)
Prosjektleiar: Anne Marie Lunde Husebø, Avd. for folkehelse, Det helsevitskaplege fakultetet

Caring Futures: Developing New Care Ethics for Technology-mediated Care Practices (QUALITECH)
NFR-program: Helse (HELSEVEL)
Prosjektleiar: Ellen Ramvi, Avd. for omsorg og etikk, Det helsevitskaplege fakultetet

The Now What2 Project: Rethinking return to work services for long term sick listed employees
NFR-program: Helse (HELSEVEL)
Prosjektleiar: Randi Wågø Aas, Avd. for folkehelse, Det helsevitskaplege fakultetet

Local climate change adaptation: from risk governance to securitisation strategies?
NFR-program: Demokrati, styring og fornying (SAMRISK)
Prosjektleiar: Claudia Morsut, Institutt for samfunnssikkerhet, økonomi og planlegging

Gravitational Wave Signals From Early Universe Phase Transitions
NFR-program: Naturvitskap og teknologi (ROMFORSKNING)
Prosjektleiar: Germano Nardini, Institutt for matematikk og fysikk

The Storegga tsunami c. 6150 BC - a wave of destruction or transformative disruption for a prehistoric society?
NFR-program: Humaniora og samfunnsvitskap (FRIPRO)
Prosjektleiar: Astrid Johanne Nyland, Avd. fornminner, Arkeologisk museum.

Future preservation of past life: A multidisciplinary investigation into preservation of ancient biological remains from medieval cemeteries
NFR-program: Unge forskartalent, Humaniora og samfunnsvitskap (FRIPRO)
Prosjektleiar: Hege Ingjerd Hollund, Avd. konservering, Arkeologisk museum. 

Les meir om Arkeologisk museum sine prosjekt her!

Les meir om saken på Forskingsrådets nettside

Tekst: Leiv Gunnar Lie og Karen Anne Okstad
Foto: Leiv Gunnar Lie