MENY

20 nye studieplassar på data

Kunnskapsdepartementet gir 20 nye studieplassar øyremerka informasjonsteknologi til Universitetet i Stavanger. Dermed blir det enda fleire kandidatar frå UiS til å løyse morgondagens IT-utfordringar.

Foto av Jan Erik Søndeland (V), Sissel Knutsen Hegdal (H) og prorektor ved UiS, Dag Husebø, i eitt av IKT-studentane sine arbeidsrom. Jan Erik Søndeland (V), Sissel Knutsen Hegdal (H) og prorektor ved UiS, Dag Husebø, i eitt av IKT-studentane sine arbeidsrom.

Fem av studieplassane blir tilgjengelege for UiS allereie til hausten. Deretter kjem det fem nye plassar i året fram til 2022, altså til saman 20 nye studieplassar over fire år.

Jan Erik Søndeland (V) og Sissel Knutsen Hegdal (H) representerte regjeringspartia på UiS-besøk måndag, i høve tildelinga.

– Regjeringa er særs oppteken av digitalisering, og det er flott om vi kan få fleire IT-studentar til Stavanger. Dette er svært etterspurt kompetanse i næringslivet så ei styrking av studietilboda vil gi oss eit enda betre utgangspunkt for å utvikle morgondagens arbeidsplassar, seier Søndeland.

Knutsen Hegdal legg til at nettopp IKT-plassar svarar på behov i samfunnet, men også på ønske frå universiteta sjølve.

Populære studium

Prorektor Dag Husebø er takksam for auken.

– Vi takkar for at regjeringa satsar vidare på IKT-området. Dette er populære og viktige studium på UiS og eg trur vi vil sjå sterk vekst i behovet framover, seier Husebø.

Det er for tidleg å seie korleis dei nye plassane vert fordelt. Universitetet har om lag 150 datarelaterte opptaksplassar til tre- eller femårige studium via Samordna opptak. I tillegg er det om lag 100 opptaksplassar på toårige masterprogram.

Store data

Plassane er spreidde på ei rekke studium, mellom anna fleire nyvinningar som har kome dei siste åra. UiS har til dømes eit nytt studieprogram i Applied Data Science, som går ut på korleis ein kan hente ut nyttig informasjon frå store datamengder med hjelp av kunstig intelligens.

Ein annan nyheit er Computational Engineering, som handlar om å kunne modellere fysiske system og bruke simulering og modellering til støtte for avgjersler i ulike situasjonar, ikkje minst innanfor ingeniørfag.

Studentane nyt godt av heilt nye og spesielt tilrettelagde arbeids- og grupperom, som politikarane fekk sjå under besøket.

120 plassar nasjonalt

UiA, UiB og HiMolde får også nye plassar. Nasjonalt blir det dermed 30 studieplassar per år, 120 totalt.

- God IKT-kompetanse til arbeidslivet er viktig for framtidig konkurranseevne og innovasjon. No kjem det 30 studieplassar til, og dei går til institusjonar på Sør- og Vestlandet. Dei vil bidra til at privat og offentleg arbeidsliv i regionane får raskare og betre tilgang på IKT-kompetanse, seier forskings- og høgre utdanningsminister Iselin Nybø (V) i ei pressemelding.

Tekst: Leiv Gunnar Lie
Foto: Mari Løvås