MENY

39 millionar kroner til fire unge toppforskarar

Fire forskarar har fått innvilga til saman 39 millionar kroner til forsking gjennom UiS sitt toppforskingsprogram ToppForsk UiS. Følgjande får såleis eit løft: nøytronstjerneforsking og forsking på lækjande molekyl, råvareprisar og medias påverknad på valresultata.

Gruppebilde: Anders Tranberg, Magne Olav Sydnes, Gunnar Thesen og Atle Øglend, alle ved UiS. Foto: Asbjørn Jensen UiS og Universitetsfondet gjev eit løft til fire forskingsfelt leia av Anders Tranberg, Magne Olav Sydnes, Gunnar Thesen og Atle Øglend.

UiS har i samarbeid med Universitetsfondet fått på plass eit toppforskingsprogram for yngre framifrå forskarar (ToppForsk UiS). Programmet har ressursar til å finansiere 2–4 prosjekt årleg – forskingsprosjekt som kan vare i opp til 5 år. Dette er andre året desse midlane blir utlyst.

Det kom inn sju søknader. Fem frå det teknisk-naturvitskaplege fakultetet og to frå det samfunnsvitskaplege fakultetet. Fire fekk tilsegn. Dessverre var det berre ei kvinne som søkte, og ho nådde ikkje heilt opp.

Dei fire som har fått innvilga søknadane er professor Anders Tranberg og førsteamanuensis Magne Olav Sydnes, begge ved Institutt for matematikk og naturvitskap, professor Atle Øglend ved Institutt for industriell økonomi, risikostyring og planlegging, og førsteamanuensis Gunnar Thesen ved Institutt for medie-, kultur- og samfunnsfag.

Samla budsjett for dei fire søkarane som har fått tilsegn, er 39 millionar kroner. Universitetsfondet finansierer 12,5 millionar av desse.

Det er forskings- og innovasjonsdirektør Troels Jacobsen som har gjort ei evaluering av søknadane og laga ei innstilling til rektormøtet, som har gjort det endelege vedtaket. Universitetsfondet har godteke vedtaket den 20. april 2016. 

Nøytronstjerne-forsking

Professor Anders Tranberg ved leier eit framifrå fysikkmiljø ved UiS som ligg heilt i front når det gjeld forsking på kva som skjedde rett etter Big Bang.

Tranbergs eige prosjekt handlar om korleis materie oppfører seg ved ekstreme temperaturar og tettleik, slik tilhøve var dei første tiendels sekunda etter universets pangstart. Dette undersøkjer han i nøytronstjerner og i eksperiment ved CERN.

Det er særleg dei sterke vekselverknadane og dei elektrosvake vekselverknadane i materien han tek føre seg. Han forskar også på materien som kallast «quark-gluon plasma» og arbeider med å forstå kvifor det er fleire partiklar enn antipartiklar i universet.

– Midlar frå ToppForsk UiS er veldig viktig for å sikre forskingsgruppa og aktiviteten vår, seier Tranberg, som har knytt til seg to postdoktorar og to stipendiatstillingar, stillingar som utgår dette året.

– Med desse midlane har eg moglegheit til å halde fram med pågåande prosjekt samt også justere retning og opne opp for nye aktivitetar, seier Tranberg som allereie har kunngjort ein ph.d.-stilling og ein postdoktor-stilling.

Lækjande molekylar

Førsteamanuensis Magne Olav Sydnes ved forskar på korleis ein kan syntetisere naturprodukt, som til dømes molekylar, med kjent anti-bakteriell aktivitet. Av dette skal han lage liknande molekylar med endå betre anti-bakteriell aktivitet.

Ved å lage eit slikt nytt syntetisert stoff, kan ein bruke dei i framtidig behandling av infeksjonar med antibiotika-resistente bakteriar. Dette er viktig forsking fordi infeksjonar med slike bakteriar er eit av dei mest alvorlege problema som helsevesenet slit med, dette er også eit aukande problem.

– Det var ekstremt viktig å få desse midlane. Dette betyr at eg kan få ein god progresjon på forskingsprosjektet mitt. Eg skal tilsette ein stipendiat som kan jobbe på laboratoriet meir kontinuerlig enn det eg sjølv har moglegheit til. I tillegg skal desse midlane dekke utgifter til biologisk testing, seier Sydnes

Prisane i råvaremarknaden

Professor Atle Øglend ved Institutt for industriell økonomi, risikostyring og planlegging forskar på statistisk og numerisk analyse og modellering av prisdanning i råvaremarknader.

Dette er eit fagfelt som omfattar både statistikk og økonomi, difor er det også eit samarbeidsprosjekt mellom Institutt for industriell økonomi, risikostyring og planlegging og Institutt for matematikk og naturvitskap.

Prosjektet har som mål å forbetre kunnskapen om korleis pris blir fastsett i råvaremarknader. Prosjektet involverer utarbeiding av økonomiske modellar for råvaremarknader, numeriske metodar for å løyse desse modellane samt statistiske estimeringsmetodar for å konfrontere modellane med empirisk data.

– Desse midlane betyr at eg kan setje av meir av tida mi til forsking. Eg kan også byggje opp eit fagmiljø rundt meg, seier Øglend som skal tilsette ein ph.d.-student og ein postdoktor.

Medias påverknad på valresultata

Førsteamanuensis Gunnar Thesen ved Institutt for medie-, kultur- og samfunnsfag søkte om midlar til eit forskingsprosjekt som skal undersøkje medias påverknad på partioppslutning og utfallet av sjølve valet.

Er det slik at nyhendemedia – gjennom deira prioritering og vinkling av saker og politiske aktørar – påverkar kva parti vi veljarar føretrekkjer? Prosjektet vil undersøkje dette spørsmålet gjennom ei rekkje studiar av tilhøvet mellom innhaldet i nyhendeartiklar og partioppslutning over eit lengre tidsrom i fem land – Noreg, Danmark, Belgia, Nederland og England.

Målet er å bidra til ny og meir systematisk kunnskap om medias politiske påverknad, og korleis påverknaden varierer på tvers av land med ulike mediesystem og politiske system.

– Denne tildelinga betyr veldig mykje. No kan eg byggje ein infrastruktur for forskinga eg driv med; den er relativt ressurskrevjande i samfunnsvitskapleg samanheng. Målet er å byggje opp databaser med store mengder data frå nyhendebilete over ein lengre periode. Eg kunne aldri ha fått til dette utan prosjektmidlar, forklarer Thesen og legg til:  

– Eg kan no for alvor byggje vidare på eit internasjonalt forskingsnettverk med firefem forskarar frå fire sterke miljø i Danmark, Belgia, Nederland og England.

I tillegg bidreg fakultetet med ein eigeninnsats i form av ein ph.d.-stilling.

– Eg ser verkeleg fram til å rekruttere og arbeide tett saman med ein stipendiat, seier Thesen.  

Stimulere unge talent

Forskarane som søkjer må vere under 45 år og kunne vise til sjølvstendig forskingsarbeid og ha tidlegare søkt om ekstern finansiering. Dei må også ha høg publiseringsaktivitet og høg kvalitet på forskinga si.

– Målet med toppforskingsprogrammet er å stimulere unge talentfulle forskarar og byggje opp forskingsmiljøa rundt dei. Dette gjer vi for å ha større sjanse til å nå opp i konkurransen om midlar frå Forskingsrådet og hevde oss med søknadar til European Research Council (ERC) og andre av EUs forskingsprogram, forklarer forskings- og innovasjonsdirektør, Troels Jacobsen.

– UiS har også ei målsetjing om å byggje opp fagmiljø på nivå med sentre for framifrå forsking (såkalla SFF) eller sentre for forskingsdrive innovasjon (såkalla SFI) på lengre sikt, legg han til.

ToppForsk UiS er delfinansiert av Universitetsfondet som samla bidreg med 25 millionar kroner. Midla frå Universitetsfondet vil i hovudsak gå til dekning av stipendiatar og til driftsutgifter. Budsjettet for heile programmet er på 50–60 millionar kroner. 

Tekst: Karen Anne Okstad
Foto: Asbjørn Jensen

(Artikkelen ble først publisert i april 2016)