MENY

93 studenthyblar til Sandnes og Stavanger

Studentsamskipnaden i Stavanger (SiS) har fått tilskot til 93 nye studentbustader frå Kunnskapsdepartementet. – Vi er glade for dei hybeleiningane vi får, men er skuffa over at vi ikkje får fullfinansiert studentbustadene vi no byggjer i Bjergsted, seier direktør Ellinor Svela i SiS.

Studentsamskipnaden i Stavanger søkte om tilskot til 586 studentbustader i 2014, men har berre fått tilskot til 93.

– Vi er glade for at prosjektet i Sandnes no kan realiserast. Men vi stillar oss undrande til at tilsegna som blir gitt ikkje går til prosjekt som allereie er kome i gang, seier Svela, som no legg sin lit til det ho omtaler som Noregs beste vertskommune.

– Vi er glade for at Stavanger kommune har sagt dei vil forskotere tilskot vi manglar frå departementet, seier Svela.

For få til Bjergsted
I Bjergsted i Stavanger skal 227 nye studentbustader stå klare til semesterstart i 2015. Byggearbeidet byrjer no i mars.

Men med dagens tilsegn til berre 60 av desse studentbustadene i Bjergsted er det langt igjen til prosjektet er fullfinansiert.

I fjor fekk SiS tilsegn til 44 av hybeleiningane i Bjergsted. No manglar dei framleis tilskot til dei siste 123 hybeleiningane.

Alt klart i Sandnes
I Sandnes skal det byggjast 73 nye studentbustader. Med tildelinga frå departementet til 33 av desse hybeleiningane er prosjektet no fullfinansiert. SiS har tidligare fått tilsegn frå staten til dei 40 første av desse.

Studentbustadene i Sandnes skal også vere innflyttingsklare til semesterstart i 2015.

Kunnskapsdepartementet har fordelt omlag 359 millionar kroner til bygging av 1260 studentbustader i 2014. I Oslo skal det byggjast 276 nye studentbustader, medan Trondheim har fått tilsegn til 174 og Bergen til 140.

Les pressemeldinga om tildelingane frå Kunnskapsdepartementet
Les også: Frir til næringslivet for å dempe boligkrisen

Ellinor Svela

IKKJE NOK: Direktør Ellinor Svela i SiS er glad for at prosjektet i Sandnes no er fullfinansiert, men er skuffa over at SiS ikkje får fullfinansiert studentbustadene dei no byggjer i Bjergsted.