MENY

– Å vere lærar er som å stå på ei scene

Ferske lærarstudentar kan dra nytte av å ha fagbakgrunn innan drama. – Ein lærar som har teke drama, veit korleis han kan gjere kunnskapen levande , seier Gunhild Brænne Bjørnstad som underviser grunnskulelærarstudentar ved Universitetet i Stavanger i drama.

Dramastudentar ved Universitetet i Stavanger i førestillinga

I dramarommet i kjellaren på Arne Rettedals hus på Universitetet i Stavanger (UiS) sit ein flokk store og små ungar og følgjer nøye med på det som skjer berre centimetrane framfor dei.

Dei er spesielt inviterte gjester til dramastudentane si førestilling Reisekameraten av HC Andersen, og dei opne munnane og store auga er bevis nok på at dei allereie i byrjinga av stykket har vorte bergtekne.

Søkjer lærar
Det dei ikkje veit, er at dei i denne augneblinken sit og studerer i alle fall ein av framtidas lærarar. Ein av dei som ein dag truleg er ekspertar på å ta i bruk drama i klasserommet og som fungerer som døropnarar for nye og effektive metodar for læring. Det har ved Institutt for grunnskolelærerutdanning, idrett og spesialpedagogikk (IGIS) ved UiS i alle fall stor tru på.

– Nærast kvart år opplever vi at studentar frå årsstudiet i drama fattar interesse for læraryrket og søkjer seg vidare på lærarutdanninga, fortel Brænne Bjørnstad.

Lært mykje
Erling Magnus Schei (23) som spelar Reisekameraten i førestillinga, er eit døme på dette. Han er snart ferdig med årsstudiet i drama, og om alt går etter planen, studerer han grunnlærar 5-10 trinn ved UiS til hausten. Han meiner at både han og dei framtidige elevane hans kan ha mykje å hente på at han tek med seg dramakunnskapane han har opparbeidd seg inn i læraryrket.

– Gjennom dette året har eg lært fleire dramapedagogiske metodar som eg trur eg får god bruk for som lærar. Ein god lærar, slik eg ser det, er ein som er sikker på seg sjølv og som klarar å fengje interessa til publikum, slik som ein gjer når ein står på ei scene, seier han.

Årsstudiet han har teke i drama ved UiS er ein del av lærarutdanninga, og kvalifiserer for arbeid med drama og teater. Ved grunnskulelærarutdanninga ved UiS må også alle ferske lærarstudentar gjennom det obligatoriske kurset  «estetiske læreprosesser» som tek utgangspunkt i faga pedagogikk og elevkunnskap, norsk og matematikk. I tillegg kan dei også på fjerde året velje drama som eit fordjupingsemne som på hausten har fokus på drama i klasserommet og på våren drama og fleirkulturalitet. Emnet  gjev 30 studiepoeng.

Lurt val
Gjennom metodekurset i estetiske læreprosessar, vil lærarstudentane ha vorte meir bevisste på eigen kropp og stemme, og korleis dei kommuniserer med elevane. Dei lærer også korleis dramatiske utrykksformer og metodar kan vere ein del av og løfte undervisinga.

Universitetslektor Brænne Bjørnstad, som underviser i årsstudium i drama og i fordjupingsemnet i drama, meiner at dei framtidige lærarane gjer lurt i å få med seg mykje fagbakgrunn innan drama. Med det grunnlaget kan ein ikkje berre undervise i emnet, ein får også dykke ned i dramapedagogiske metodar som handlar om korleis ein kan bruke teaterets formspråk til konflikt-og problemløysing for mellom anna å få eit godt klassemiljø.

Tryggare på seg sjølve
Med bakgrunn frå drama har lærarane betre grunnlag for å gjere klasserommet om til ei scene, og norsktimen vert på den måten meir levande og enno litt meir spanande, ifølgje Brænne Bjørnstad. Drama i klasserommet vil også kunne opplevast som personleg utviklande og stimulerande for både lærar og elev. Barna lærer om intellektet, kjensler og handling og kan setje seg inn i andre sine situasjonar, medan lærarane vert tryggare på seg sjølve.

– På mange måtar står lærarar på ei scene kvar dag når dei står framfor klassen sin, og dei må være bevisste sin rolle i kommunikasjonen med elevene, seier ho og legg til at ho trur at ein lærar med bakgrunn frå drama vil ha ei betre forståing for korleis teaterkunsten kan gje menneskje felles opplevingar og samstundes kan vere med på å skapa og utvikle identitet.

Siste førestilling av "Reisekameraten" er torsdag 27/3 kl. 18.30 i U2 på Arne Rettedals hus. Sjekk meir på Facebook.

Tekst og foto: Maria Gilje Torheim

 

Dramastudentar ved UiS i førestillinga

Erling Magnus Schei (23) til høgre spelar Reisekameraten i førestillinga med same namn.