MENY

Alt klart for studiestart

9000 studentar, inkludert 900 utanlandske frå 75 ulike nasjonar, strøymer til UiS i denne og neste veke.

Den offisielle studiestarten ved UiS er tysdag 13. august, men nokre studieprogram startar allereie denne veka. Her finn du meir informasjon om dei einskilde studia.

Fadderborn
753 fadrar står klare til å hjelpa dei 3400 nye studentane å finna seg vel til rette i studiekvardagen.

1200 studentar har meldt seg som «fadderborn», eit tal som går fint i hop med talet på fadrar, meiner faddersjef Bjarte Kvamme.

- Vi har funne ut at det fungerer veldig bra med fleire fadderborn per fadder, seier han.

I tillegg til praktisk hjelp, byr fadrane og fadderveka på mykje kjekt både i fadderlandsbyen på campus og på andre stader i regionen. Det vert konsertar, quiz, stand up, surfing og strandparty, fotballturnering - og ikkje minst cruise til Lysefjorden.

Mange aktivitetar
Faddersjefen sjølv trekkjer fram konserten på campus måndag 12. august med Sirkus Eliassen som eit særleg høgdepunkt.

- Her riggar vi til med telt og det er berre å kome og høyre eit veldig bra band, seier han.

Og sjølv om fadderveka tek slutt er det ingen grunn til å bli passiv. Det er nærare 60 ulike student- og linjeforeiningar innan eit bredt spekter, frå idrettslag og sosiale lag til politiske foreiningar og ideelle organisasjonar ved UiS

Ettertrakta erfaring
Å vera med i ein studentorganisasjon er ei verdifull investering. Du får nye vener, og framtidige arbeidsgjevarar vil sette pris på erfaringane du får og at du har vist at du ønskjer å bidra til fellesskapet. 

Studentsamskipnaden i Stavanger (SiS) tilbyr bustader, treningssenter og barnehage.

Meir informasjon om SiS og tips om korleis du som UiS-student kan få ei aktiv fritid.

Finn annan nyttig informasjon om studiestart 2013 på studentsidene.

Alt klart for studiestart