MENY

Alumniportrett: Gjer alt for Norge

Helene Meldahl kom igjennom eit særs trongt nålauge då ho landa den svært ettertrakta praktikantstillinga på den norske ambassaden i den politiske smeltedigelen Washington D.C.

Helene Meldahl tek ein Helene Meldahl tek ein "sjølvi" utanfor United States Capitol-bygninga i Washington. Foto: Den norske ambassaden i Washington D.C.

– Å, det kan ikkje vere sant. Det er heilt sikkert nokon som tullar med meg no, tenkte eg, fortel Meldahl på telefon frå den amerikanske hovudstaden om då ho først fekk beskjeden om at det var ho som var valt ut blant dei mange håpefulle som søkte på stillinga som praktikant ved kultur- og kommunikasjonsavdelinga til ambassaden.

Mykje att
Den attraktive stillinga sit ho på fram til 15. Juli. Sjølv om ho ikkje har lang tid igjen som praktikant, har ho enno mange ting ho skal rekke å gjennomføre før ho gir seg. Blant anna skal ho ta imot fleire viktige politikarar og oppdatere sosiale medium med informasjon om vitjingane.

I løpet av siste halvåret har ho fått æra av å dekke hendingar og pressemøter med store namn som John Kerry og John McCain, sistnemnte møtte ho under den Norsk-amerikanske forsvarskonferansen for eit par månadar sidan.

Ikkje «kun» kaffikoking
For ifølgje Meldahl er gjeremåla til ein praktikant langt frå det biletet nokre kanskje har av det med kaffikoking og papirmakulering. Ho har blitt på lik linje som dei andre tilsette, og berre fått mange spanande oppgåver. Ho var ferdig med bachelorgraden sin i sosiologi ved UiS i november i fjor, og meiner at ho har fått god bruk for utdanninga si som praktikant ved den norske ambassaden.

– Eg får heile tida bekrefta kor viktig utdanninga mi har vore i denne stillinga. Det er kanskje ikkje alle som er klare over kor variert sosiologiutdanninga faktisk er, men eg opplever den som veldig relevant for stillingar som dette, og eg har fått bruk for det eg har lært i dei fleste faga eg har teke, og då meiner eg alt frå fag som makt og politikk til organisasjonsteori og kommunikasjonsfag, seier Stavangerjenta.

Utdanning i seg sjølv
Ho fortel at ho har lært mykje om korleis ein ambassade er bygd opp, om historia til norsk politikk og retningslinene til den norske regjeringa, noko ho kan få bruk for i ein framtidig jobb.

– Det er ei utdanning i seg sjølv å vere her, seier ho og ler når ho skal oppsummere opphaldet sitt som praktikant i Washington.

Meldahl har fått smaken på USA, og kan fortelje at det er attraktivt å verte att for vidare utdanning eller god jobb om det ikkje dukkar opp andre og meir spanande moglegheiter i heimbyen.

– Eg trur både utdanninga mi og opphaldet mitt her vil gje meg ein del moglegheiter, enten det vert USA eller Stavanger på meg, smiler ho.
 

Helene tok bilete og fekk tid saman med John McCain under NADIC-konferansen.

Helene tok bilete og fekk tid saman med John McCain under NADIC-konferansen. Foto: Den norske ambassaden i Washington D.C.