MENY

AmS kan bli universitetsmuseum

Ifølgje stortingsmeldinga om universitetsmusea som regjeringa no har lagt fram, skal universitetstilknyting for Arkeologisk museum i Stavanger (AmS) vurderast.

Kultur- og kyrkjedepartementet har dei seinare åra gjennomført ei omfattande museumskonsolidering med tanke på å skape færre, men fagleg sett meir solide institusjonar. Fleire stader i Stortingsmelding 15 (2007-2008) Tingenes tale blir behovet for betre og meir systematisk samhandling mellom universitetsmusea og dei øvrige musea nemnt.

I Stortingsmeldinga blir det peikt på at det i Stavanger og Tromsø er satt i gang interessante prosessar som mellom anna ser på om det er moglegheiter for ei nyskapande organisering av musea i dei to byane, der både universitetstilknytinga og tilknytinga til Kultur- og kyrkjedepartementets nasjonale museumsnettverk sikrast. Så snart resultata frå desse prosessane er klare, vil Kunnskaps-departementet og Kultur- og kyrkjedepartementet vurdere korleis ei framtidig organisering av dei aktuelle musea kan fremje eit solid og fagleg sterkt museumsmiljø. Her skal det også vurderast om Arkeologisk museum i Stavanger skal tilknytast Universitetet i Stavanger. AmS er tildelt same ansvar etter kulturminneloven som universitetsmusea.

Styrka forsking og formidling
Stortingsmeldinga skisserer ei rekkje tiltak for å styrke forskings- og formidlingsverksemda til universitetsmusea. Mellom anna blir det foreslått ei større vektlegging av forsking og forvaltnings-graving gjennom strategiske planar, større merksemd mot formidling, samarbeid med andre museum og vitensentra, vidareføring av tiltak for sikring og digitalisering av samlingar, styrking av styring og leiing gjennom tettare dialog mellom departement med museumsansvar og mellom Kunnskaps-departementet, universiteta og universitetsmusea, samt oppgradering av bygningsmassen.

Vidare vil Kunnskapsdepartementet be Noregs forskingsråd utarbeide ei nasjonal forskingssatsing retta inn mot universitets-musea og AmS. Satsinga vil omfatte både dei kulturhistoriske og dei naturhistoriske musea.

Nasjonalt digitalt museum
Det skal også opprettast eit nasjonalt digitalt universitetsmuseum med materiale frå universitetsmusea og frå AmS, for at forskarar, publikum og skuleklassar skal kunne dra nytte av kunnskapen som ligg i universitetsmusea sine samlingar.

I pressemeldinga frå Kunnskapsdepartementet om den nye stortsingsmeldinga seier forskings- og høgare utdanningsminister Tora Aasland at universitetsmusea må oppfylle sitt samfunns-ansvar innan forsking og forvaltning av samlingane betre enn i dag.

Meir om Stortingsmelding 15 (2007-2008) Tingenes tale