MENY

Annleis læring på godt og vondt

– Skilnaden mellom Noreg og Brasil var enorm. Vi fekk sjå kor viktige dei ytre rammene er for å sikre barn ein god oppvekst, fortel dei to førskulelærarstudentane Caroline Ellingsen og Hilde Landro ved UiS.

Dei to studentane reiste til Brasil som del av praksisen det andre året på førskulelærarutdanninga. Opplegget ordna dei sjølve med godkjenning frå UiS.

– Vi fekk ein avtale med ein barneheim i byen Mogi das Cruzes i nærleiken av Sao Paulo. Der jobba vi både med små og store barn, fortel Ellingsen.

Overveldande
Då dei to studentane bestemte seg for å reise til Brasil som del av studiet, hadde dei ikkje klart føre seg korleis opplevinga kunne bli.

– Mange av barna var blitt mishandla av nære slektningar og kasta på gata. Nokre hadde budd på gata så lenge dei kunne hugse, seier Landro.

Møtet med gatebarna på barneheimen og i slummen var overveldande, samstundes som det var lærerikt reint pedagogisk, fortel ho.

– Vi fekk raskt mykje å tenkje på. Det var sterkt å sjå små gutar gå rundt med hasjpiper og barn som ikkje hugsa sitt eige namn. Då var det fint å kunne gi dei gode opplevingar.

Tid og merksemd
I praksisperioden brukte dei to studentane mykje tid på ulike aktivitetar saman med barna. Mellom anna laga dei mat, spelte kort og perla for å bli betre kjende med barna.

– Vi prøvde å gi dei tid og merksemd. Mange av barna hadde opplevd mykje vold og levt nært inn på rusmisbruk. Fleire sleit med traume, fortel Ellingsen.

– Det var vanskeleg å ta inn over seg at det ikkje var nokon klar pedagogikk som låg til grunn for opplegget til barna. Vi fekk sjå kor viktige dei ytre rammene er for utviklinga til barn. I Noreg er vi heldige som har eit støtteapparat som kan trø til når det trengst, seier ho.

Dei to førskulelærarstudentane observerte at svært mange barn sleit med fleire typar vanskar som ingen tok ansvaret for. Det var vondt å sjå, fortel dei.

Stort utbytte
– Det verste er å reise tilbake til Noreg igjen, når du veit at det finst så mange barn som har det vondt, seier Caroline Ellingsen.

Dei to studentane anbefaler likevel andre studentar å ta eit utanlandsopphald som del av studia.

– Du lærer så mykje på så mange plan. Sjølv om vi berre var i praksis seks timar til dagen, var vi til stades på barneheimen døgnet rundt. Slik sett var vi i praksis heile tida, seier Landro og fortset:

– Gevinstane av å sjå verda er mange. Du lærer deg språk, og du blir kjend med ein annan kultur. Det er nyttig også når du skal jobbe heime i Noreg. Den største utfordringa med eit opphald som vårt er dei kjenslemessige reaksjonane som kjem. Dei kjem du ikkje utanom.

Etter opphaldet har dei to tredjeårsstudentane fått lyst til å studere spesialpedagogikk. Ellingsen kunne tenkje seg ei spesialisering i barnevernsarbeid, medan Landro har lyst til å fordjupe seg i dramapedagogikk.

Tekst: Silje Stangeland
Foto: Privat