MENY

Astrid Skaathun disputerer

Astrid Skaathun disputerer 14. september for dr. philos-graden ved Universitetet i Stavanger med avhandlinga ”Staveferdigheit. Ei undersøking av stavetileigning i norsk barneskole”.

I avhandlinga beskriv ho korleis elevar i norsk barneskole tileignar seg staveferdigheit.
Teoriutviklinga handlar primært om staving som ferdigheit, som system, som prosess og som utvikling. Skaathun tar utgangspunkt i Finn Egil Tønnessen si forståing av ferdigheitsomgrepet. Ved å bruke denne forståinga av ferdigheitsomgrepet til grunn for omtale av staving og stavelæring, vil den teoretiske ståstaden nærma seg ein syntese mellom kognitiv nevropsykologi og behaviorisme.

Undersøker elevanes sjølvvalte ord
Den empiriske undersøkinga fann stad hos eit årskull elevar ved ein norsk bydelsskole. Frå og med 1. til og med 6. klasse blei det samla inn data om korleis elevane stava sjølvvalte ord i skolestilar. I alt var det 26 elevar som deltok alle seks åra av undersøkinga. I byrjinga av 4. klasse gjennomgjekk elevane dessutan ei rekke utvalde testar, beståande av nonverbal evneprøve, tre leseprøvar (setningslesing, ortografisk gjenkjenning og fonologisk gjenkjenning) og to namngjevingsprøvar (namngjeving av tall og namngjeving av bokstavar).

Ferdigheit utviklar seg over tid
Bearbeiding av data viste at staveferdigheita til elevane i utvalet utvikla seg gjennom heile barneskolen, og at det var dei elevane som skreiv dei lengste tekstane som stava mest korrekt. I motsetnad til ei rekke tidlegare undersøkingar er det lite i materialet som støttar hypotesen om at stavetileigninga i utvalet har gått føre seg som ein stadiebasert utviklingssekvens. Vidare gir funna haldepunkt for at staveutviklinga til elevane langt på veg syntes å vera bestemt etter berre eit års opplæring i barneskolen. Data viste elles ein klår og signifikant samanheng mellom ferdigheit i ordgjenkjenning og staving. På den andre sida viser føreliggjande data ein klårare samanheng mellom IQ og staving enn kva tidlegare undersøkingar har påvist mellom ordgjenkjenning og IQ, eit funn som tyder på at staveferdigheit stiller større krav til medviten overvaking og styring enn kva som er tilfelle med ordgjenkjenning. I så fall vil staving i mindre grad enn ordavkoding kunna sjåast som ei teknisk ferdigheit, og funnet bør få konsekvensar for metodisk tilrettelegging, både i byrjaropplæringa og i andre pedagogiske samanhengar.

Frekvensanalysar viste at nokre få ord var særs hyppige i elevtekstane. Mykje tyder på at generelle prinsipp for språklæring gjer seg gjeldande både når språkforma er talt og når ho er skriven, og særleg ser hyppig eksponering ut til å spela ei viktig rolle for korrekt tileigning av stavemåtar.

Astrid Skaathun forsvarer avhandlinga fredag 14. september 2007 kl 10:00 i Auditorium V-101, Arne Rettedals hus.
”Staveferdigheit. Ei undersøking av stavetileigning i norsk barneskole.”
I tillegg vil ho ha prøveforelesing torsdag 13. september same stad:
Kl 17:15 Sjølvvalgt emne:
Handskriftlæring i barneskolen. Barnet i badevatnet?

Kl 18:15 Tildelt emne:
Pedagogiske konsekvensar av nyare innsikt i staveutvikling

Vurderingskommisjonen består av Professor emeritus, dr. philos Alfred Lie, Høgskolen i Østfold, Universitetslektor, ph.d. Åsa Wengelin, Univ. i Karlstad og Prorektor, 1. amanuensis, dr. philos Egil Gabrielsen, UiS