MENY

Avisoppslag gav SARS-panikk

Trass i den minimale risikoen for at SARS-viruset skulle spreie seg frå Asia til Noreg, var frykta for den smittsame luftvegssjukdomen stor blant mange nordmenn. Kva gjorde dei store avisoppslaga med det norske folket?

– I dei tre hovudstadsavisene Verdens Gang, Dagbladet og Aftenposten var det i gjennomsnitt opp mot ein artikkel dagleg om SARS-epidemien i perioden mellom januar og juli 2003. I april månad var det i gjennomsnitt to fulle artiklar om SARS i kvar av dei tre avisene, fortel Ketil Fred Hansen, postdoktor ved Institutt for medie-, kultur- og samfunnsfag ved Universitetet i Stavanger.
Hansen fekk 306 treff i mediearkivet Atekst på artiklar om SARS i dei 378 utgåvene som dei tre avisene gav ut i denne perioden. Resultata av undersøkinga blei presentert i kortversjon på The European Safety and Reliability Conference (ESREL) i fjor, og ligg no inne til vurdering hjå Journal of Risk Research.

Snodig paradoks
Hansen har sett på forholdet mellom det faktiske utslaget av SARS i Noreg og den enorme mediedekninga som følgde då det frykta viruset blei oppdaga i Kina. Han synest det er eit interessant paradoks at noko med så låg risiko nærmast resulterte i panikk hjå befolkninga.
– SAS reduserte talet på flygingar mellom København og Beijing frå seks i veka til berre ei. Mange av passasjerane som slutta å reise til Kina, var norske, seier Hansen.

Tidobbelt salg
Materialet hans inneheld fleire eksempel på korleis frykta breidde seg. Salet av munnbind i Noreg tidobla seg i april 2003 i høve til same månad året før. Reisebyrået Kinareiser gjekk konkurs. Avisene fortalde om norsk-kinesarar som stengde seg sjølve inne i ti dagar etter å ha vore på ferie i heimlandet. Simen Agdestein fekk også overskrifter då han kom heim frå sjakkturnering i Kina og blei pålagd ti dagars karantene av arbeidsgjevaren sin. Sjefen hans uttalte at dei ikkje gjorde det på grunn av smittefare, men «av hensyn til folks bekymring for SARS-viruset».
– Dette seier ganske mykje om panikken i folket. Interessa for SARS var enorm i Noreg, sjølv om ingen nordmenn døydde eller blei smitta. På verdsbasis var det berre 812 som døydde. Det er eit lågt tal, seier Hansen.
– Til samanlikning døydde 2,7 millionar menneske av malaria og to millionar av tuberkulose i 2003. Talet på nordmenn som døydde av influensa i 2003, var dobbelt så stort som talet på personar som døydde av SARS på verdsbasis same år, opplyser han.

Store overskrifter
– I tillegg til dei 812 menneskeliva som gjekk tapt, kosta SARS verda 100 milliardar dollar. Kina åleine tapte om lag 40 milliardar dollar, mellom anna på grunn av avlyste reiser, hotellovernattingar og møte. Mange kina-restaurantar og turistbyrå gjekk konkurs, seier forskaren.
Potensialet for katastrofe og stor medisinsk usikkerheit gjorde at frykta og panikken spreidde seg raskt. Ifølgje Hansen hadde temaet fleire av dei typiske nyheitskriteria
som gjorde det lett for media å lage store overskrifter.
– Det var sensasjonelle nyheiter. Mange kunne døy på kort tid. Avisene samanlikna viruset med svartedauden og bygde opp under frykta for katastrofe, seier han.
– I motsetnad til andre naturkatastrofar og epidemiar ramma ikkje SARS berre verdas fattige. SARS var òg ein trussel mot den rike delen av verda. Fordi smitten blei overført gjennom luft, ved hoste og inhalering, blei lufteanlegg på fly, flyplassar og hotell stempla som særleg farlege.

Modeller med munnbind
verda over gjorde òg sitt til store overskrifter. Journalistar fann lett kjelder som kunne motseie kvarandre. Dessutan fanst det nok av gode, sensasjonelle bilete frå Asia til å illustrere sakene, som brudepar og skuleklassar med munnbind, og modellar som hadde munnbind i moteriktige fargar, fortel Hansen.
Då Rolling Stones avlyste ein konsert i Hong Kong og den amerikanske skodespelaren Halle Berry nekta å filme i Toronto fordi ein person i byen var smitta, fekk avisene endå meir å skrive om. Også kultur- og idrettsarrangement blei flytta eller avlyste.
– Det heile toppa seg då ein italiensk lege som var ekspert på SARS, sjølv døydde av sjukdomen i Kina den 29. mars. Etter denne hendinga fekk folk verkeleg panikk, seier forskaren.

For døve øyrer
Særleg interessant synest Hansen det er at Nasjonalt folkehelseinstitutt ikkje blei høyrt
i den offentlege debatten om SARS i Noreg. Trass i stadige forsikringar om at SARS ikkje var noko å frykte her til lands, spreidde frykta seg. Og avisene fann stadig ekspertar med nye åtvaringar.
Ei undersøking som Norsk gallup gjorde for Folkehelseinstituttet i etterkant av SARS, viste likevel at nordmenn syntest informasjonen frå Folkehelsa anten var ganske eller veldig truverdig. Eit nytt paradoks, meiner Hansen.
– Når folk får panikk, er det ikkje samsvar mellom ei hending og korleis folk reagerer på hendinga. Risikoen blir målt i kor lett det er å sikre seg. Valet mellom eit munnbind til ti kroner og det å risikere livet er eit enkelt val. Liten kostnad, stor gevinst.

Fryktens kraft
– Media skapte moralsk panikk under SARS og var slik sett med på å definere krisa. Folk gav kinesarar skulda for spreiinga av viruset og frykta alle som hadde influensaliknande symptom. Frykt har ei utruleg kraft, som òg media må ta omsyn til, seier Hansen, som meiner SARS var ei atypisk krise.
– Vanlegvis skaper kriser ulike grader av usikkerheit. Men når det gjeld SARS, var det omvendt. Det var usikkerheita som skapte krisa, konstaterer han.

TEKST: Silje Stangeland og Leiv Gunnar Lie

Fakta om SARS
SARS (Severe Acute Respiratory Syndrome) er ein akutt luftvegssjukdom som oppstod i Kina i 2003. SARS byrjar med feber over 38 grader. Andre symptom kan vere hovudpine, muskelverk, sjukdomskjensle, hosting og pustevanskar. Smitte kan skje gjennom luft og ved nærkontakt med ein som er sjuk.
Kjelde: Nasjonalt folkehelseinstitutt