MENY

Back to Blood: Frå vikingar til berekraft

Kva er samanhengen mellom viking-kampsport, berekraft og grønt medborgarskap i 2020? Det blir utforska i det nye forskingsprosjektet «Back to Blood: Pursuing av Future from the Norse Past» dei fire neste åra.

Mennesker kledd ut som vikinger står ved et bål i skumringen Illustrasjonsfoto: Lorado/Getty Images

Gleda var stor då professor Anne Kalvig fekk tilslag i tildelinga frå Noregs Forskingsråd like før jul, og no skal ho forska saman med partnarar ved Universitetet i Oslo og Linköping Universitet i Sverige.

– Vi ønsker å kartlegga korleis og forklara korfor nåtidig interesse for berekraft, identitet og medborgarskap fører til ein auka kulturell og spirituell etterspørsel etter vikingar og norrøn fortid, og konsekvensane av at ulike kulturelle aktørar møter dette behovet, fortel Anne Kalvig.

Det er ei tverrfagleg gruppe som no tar fatt på prosjektet, med forskarar med bakgrunn frå religionsstudiar, kulturstudiar og antropologi. Prosjektet er også forankra i forskingsprogramområdet The Greenhouse, som representerer miljøhumaniora ved UiS.

– Med Greenhouse har det blitt bygd opp eit blomstrande og tverrfagleg forskingsfelleskap kring miljøhumanistiske agendaer, der ein ser på humaniora si rolle i kampen for ei grønare framtid. Vårt spor i Back to Blood-prosjektet dreier seg om vikingar og norrøn fortid, og løfter fram spiritualitet, identitet og økologi, forklarer Kalvig.

Norrøn berekraft og identitet

Utgangspunktet for prosjektet er ei hypotese om at framstilling av kulturelle og spirituelle produkt relatert til norrøn fortid, til dømes vikinglandsbyar, TV-seriar, dataspel og festivalar slik som Midgardsblot, har samband med at folk er opptekne av berekraft, identitet og medborgarskap.

– I forlenginga av dette meiner vi å sjå ein spirituell lengsel etter ei berekraftig framtid der ein kjem tilbake til røter og natur, i motsetning
til ein hektisk og kaotisk kvardag rama inn av klimakrise og miljøproblem, fortel Kalvig.

Kalvig og kollegane trur det handlar om meir enn berre historisk interesse for vikingar. Hypotesa deira er at nye forståingar av spirituelt og kosmologisk samspel kan gi inspirasjon til grønt medborgarskap, med nye grøne måtar å leve samen på.

– Samstundes ser vi at for andre representerer vikingtida og vår norrøne historie eit maskulint element, der kvit makt, heidenskap, blodlinjer og nasjonal identitet spelar viktige roller. Dette kan sjåast på som ein trugsel mot fredelege og likeverdsfokuserte løysingar på globale utfordringar som ressursmangel og ulikskap. Vi ønsker å finne ut av kva motivasjonar folk har i si interesse for det norrøne, fortel Kalvig.

Blot, musikk og festivalliv

Metodisk skal Kalvig og kollegaene ta i bruk ei rekke ulike grep for å undersøke populariteten til den norrøne fortida.

– Det blir nok nokre festivalbesøk, ja, smiler religionsprofessoren, som allereie har vore på festivalen Midgardsblot to gonger.

Der er fleire festivalar med historisk eller  heidensk tematikk, men Midgardsblot er særmerkt i sin uttalte kombinasjon av det norrøne, folkemusikk og metal-musikk.

– Der ser vi at publikum dekker eit vidt spekter og kjem frå mange ulike land. Mange er utprega kunnskapstørste og opptatt av det historiske, kulturelle og rituelle, og omtalar det å delta på festivalen som «å komma heim», sjølv om dei aldri har vore i Norge før. Kva betyr blot for dei som vel å delta i den delen av festivalen? Kva meining legg dei i å handla rituelt og ropa ut norrøne gudenamn? Det er interessant å finna ut kva som ligg bak når festivalane er slike populære blandingar av føredrag, blods-ritual og musikk, utdjupar Kalvig.

Vikinglag, blotslag og vikingkampsport: interessa for det norrøne tar mange former.

– Mange av dei som deltek på dette feltet har mykje kunnskap om vikingtida, dei jobbar kanskje i museumssamanheng – men held på med dette på fritida. Vi ser at det av og til er overlapp mellom jobb, fag og fritidsaktivitetar, fortel Kalvig.

Slåss som vikingar

Prosjektet er delt inn i ulike arbeidspakkar. Ein av desse går i djupna på institusjonalisert bruk av vikingar og norrøn fortid, slik som i museum, på funnstader og i undervisning. Forutan Fredrik Gregorius, Linköping Universitet, si undersøking av svenske og norske museumsutstillingar og diskursar dei inngår i, skal ein ph.d.-stipendiat undersøka korleis formidling av kunnskap om norrøn kultur og religion kan bidra til å utdjupa dei tre tverrgåande tema i dei nye læreplanane for grunnskolen: folkehelse og livsmeistring; demokrati og medborgarskap; og berekraftig utvikling. Stillinga vil utforska korleis museums- og skulesektoren samhandlar, og her er planen at humanistane på UiS skal samarbeide med kollegaer på Arkeologisk museum.

Ein annan pakke oppsummerer materialet som blir undersøkt som «performativ populærkultur». Der skal mellom andre Jane Skjoldli, Universitetet i Oslo, undersøka korleis vikingspiritualitet på og utanfor internett blir påvirka av populærkulturelle framstillingar. Ein annan del fokuserer på viking-kampsport.

– Viking-kampsport er eit av temaa vi skal undersøke nærare, fortel Kalvig.

Glima er bryting slik vikingane gjorde det, og har vore nasjonalsport på Island sidan 1800-tallet. Men kva er det som får unge menneske 1000 år etter at vikingane levde, til å kjempe på vikingars vis? Kva har skjedd når det blir arrangert workshopar i Sør-Amerika om vikingkamsport?

– Gjennom feltarbeid skal ein postdoktor sjå på viking-kampsport opp mot kjønn, identitet, tilhøyrsle, spiritualitet, landskap/heilage stader og grensetrekking opp mot nasjonalistiske agendaer og høgre-ekstreme grupper, forklarar Kalvig. 

Målet er blant anna å etter kvart forstå meir om kva rolle vikingane og den norrøne fortida spelar i radikaliseringsprosessar.

– Vidare håpar vi funna våre vil gjere det mogleg å betre forstå suget etter norrøn fortid, og kva desse fellesskapa kan bety for identitet og spiritualitet i lys av natur og miljø. Vi trur prosjektet blant anna vil vere relevant for turisme-industrien knytt til vikingar og det norrøne, for museum og andre som driv formidling av norrøn fortid, for utdanningssektoren og for dei som driv med festivalar. Kanskje kan vi kome på sporet av nye måtar å tenke berekraftig livsstil på? avsluttar professor Anne Kalvig.

Tekst: Anja Kristin Bakken
Foto: Anja Kristin Bakken og Getty Images