MENY

Bli med og bygg Marsrover

Nå har alle romfartsinteresserte studentar ein gyllen sjanse til å bli med på laget som skal byggje Marsrover.

Maria Råken, Rein Torsvik og Stein-Oleiv Brekke viser fram ein Marsrover. Maria Råken (avtroppande leiar), Rein Torsvik (prosjektleiar) og Stein-Oleiv Brekke (påtroppande) i MISC med Marsroveren som blei bygd til ONS 2016. No vil dei ha med romfartsinteresserte studentar for å byggje ein større og meir avansert rover.

Studentorganisasjonen Mars Institute  Student Chapter (MISC) ved UiS har i fleire år sendt UiS-studentar til USA for å lære om romfart hos NASA.

Essay om stråling sendte Erik til NASA

No trappar dei opp aktiviteten, og søker ivrige studentar med på laget for å byggje ein fjernstyrt Marsrover. 

NASA-konkurranse i 2018

Ein Marsrover er eit fjernstyrt køyretøy som kan manøvrere seg på overflata på Mars for blant anna å ta ulike prøvar og gjere undersøkingar.

Til liks med studentorganisasjonane ION Racing og UiS Subsea, skal MISC vere med i internasjonale studentkonkurransar. Planen er at neste år deltar dei på NASA Robotic Mining Competition på Kennedy Space Center i Florida, kor over 50 studentlag møtast for å konkurrere.

– For å klare det, må me ha med studentar som frivillige. I tillegg treng me støttespelarar som kan bidra økonomisk, seier Maria Råken som er avtroppande leiar i MISC.

Alt er ein bachelorstudent og ein tidlegare student innan maskin i gang med å byggje ei aluminiumramme som blir roverens skjelett med fleire kvadratiske celler. Ramma kan nyttast om att, medan cellene kan skiftast ut.

Praktisk erfaring under studia

Organisasjonen treng ulik kompetanse, og håpar ingeniørstudentar frå både maskin, elektro, data og petroleum søkjer.

– Vi vil at studentar som er interesserte søkjer så snart om mogleg. På Facebook er det meir informasjon om kva oppgåver me treng å løyse først, seier prosjektleiar Rein Torsvik som minner om at dette er ein fin måte å skaffe seg praktisk erfaring medan ein studerer.

Søknadsskjema finn du her

Det blir og mogleg å skrive bacheloroppgåver med utgangspunkt i prosjektet.

– Dei som blir med frå starten får eit eigarforhald til roveren, og dei kan vere med å forme den. I tillegg er det mogleg å skrive oppgåve på noko dei har vore med å byggje, seier Stein-Oleiv Brekke, som er påtroppande leiar for MISC.

Einaste i Noreg

MISC er ein del av Mars Institute som arbeider med å fremje forsking på Mars, samt teknologiutveksling mellom olje- og romindustrien. Mars Institute held til på NASA Ames Research Center i Silicon Valley.

Mars Institute etablerer avdeling i Stavanger

– Norge er leiande innan boreteknologi, og dette er kunnskap NASA kan få bruk for dersom vi skal bore på Mars. At MISC er eksklusivt for Stavanger og UiS er me veldig stolte av, seier Råken.

Under ONS i fjor viste studentorganisasjonen fram ein mini-Rover. Den som no er under planlegging blir større, og meir avansert. 

– Planen er at den skal være på størrelse med ein europalle, og namnet blir Viking3. Viking passar godt på ein rover frå Stavanger, seier dei.

Tekst: Karoline Reilstad
Foto: Leiv Gunnar Lie

Skissen av roveren.

Skisse over roveren som skal byggjast.