MENY

Bok om Ibsen og Holberg i skulen

Anna S. Songe-Møller og Aud Berggraf Sæbø ved UiS har gitt ut fagbok om dramatikk, drama og estetiske læringsformer i skulen. Boka er eit prosjektsamarbeid med Rogaland Teater.

Boka heiter «Ibsen og Holberg i skolen - et møte med dramatikk, drama og estetiske læringsformer» og gis ut av Høyskoleforlaget. Anna S. Songe-Møller og Aud Berggraf Sæbø har gjennom fleire år utarbeida eit pedagogisk opplegg med fokus på dramametodar for lærarar i vidaregåande skule og ungdomsskulen.

Forfattarane stiller mellom anna spørsmåla: Korleis engasjere elevane i arbeidet med dramatiske verk i klasserommet? Korleis realisere læreplanens krav om elevaktive og kreative læringsformer? Korleis bruke drama for å motivere til læring?

Boka har metodiske undervisningsopplegg med godt gjennomprøvde oppgåver og  "Et Dukkehjem", "Vildanden", "Peer Gynt", "Brand", "Jeppe på Berget", og "Erasmus Montanus" blir gjennomgått.

"Ibsen og Holberg i skolen" kan brukast av lærarar i grunnskulen og vidaregåande skule som ønskjer å integrere ei estetisk læringsform i arbeidet med formidling av dramatikk. Boka er svært aktuell for drama- og allmennlærarstudentar.