MENY

Boka om Vegen og Dygda

Det daoistiske nøkkelverket Daodejing eller Boka om Vegen og Dygda er omsett frå kinesisk til norsk av Ole Bjørn Rongen, førsteamanuensis i journalistikk ved Universitetet i Stavanger.

Rongen har skrive ei fyldig innleiing om bokas historie og innhald, og har med ein detaljert kommentar til sjølve omsetjinga. Boka kjem på Solum Forlag og er utgitt med støtte frå mellom anna SV-fakultetet ved UiS.

Daoismen – etter dao eller ”vegen” - er den viktigaste filosofiske retninga i det gamle Kina ved sida av konfutsianismen. Daoismen gir oss den meir leikande, lyriske, men også den metafysiske og mystiske sida ved kinesisk filosofi.

Boka om Vegen og Dygdakan lesast politisk eller som ei visdomsbok, ei bok full av praktiske råd om korleis folk skulle kunne overleve i ei vanskeleg tid. Daoismen vart delt i ei religiøs og ei filosofisk retning, men begge har Daodejing som grunnbok.

Boka har vore mykje lest i Vesten sidan slutten av 1800-talet, og har vore særleg populær dei siste femti åra.

Boka er knytt til ein Laozi – ”den gamle meister” – som skal ha vore ein eldre samtidig av Konfutse om lag 5-600 år før vår tid. Men først med manuskriptfunn på 1990-talet kan vi slå fast at boka fanst så tidleg som kanskje 350 år før vår tid. Desse funna saman med to funn frå 1970-talet har også opna for litt andre tolkingar enn den tradisjonelle forståinga av teksten. Dette er drøfta i denne nye norske omsetjinga av boka.

Rongen har tidlegare mellom anna omsett dei viktigaste konfutsianske klassikarane og den gamle spådomsboka Yijing eller Forandringenes bok.