MENY

Britisk dokumentar om mobbing

Eit britisk filmselskap har gjort opptak ved Senter for åtferdsforsking ved UiS. Professor Erling Roland blei mellom anna intervjua om mobbeprogrammet Zero og mobbeforsking i Noreg.

Dokumentarfilmen skal visast på ein britisk kanal for lærarar og skulefolk, kalla Teachers TV. Kanalen er finansiert av britiske myndigheiter for å sette fokus på gode døme til etterfølging.

Produksjonsselskapet spesialiserer seg på utdanningsprogram og har filma mykje på skular i ulike land. I Stavanger besøkte dei Teinå skule og Jåtten skule som begge er med i Zero-programmet til Senter for åtferdsforsking.

Tidspunkt for sending er enno ikkje satt og det er førebels uvisst om filmen vil bli vist i Noreg.