MENY

Byggjer Norges råaste el-bil

Rundt femti UiS-studentar har vore med på å designe og byggje Norges råaste el-racerbil, som vil gå frå 0-100 km/t på under 4 sekund.

Prøvekjøring av fjorårets bil frå UiS. No er studentane i sluttfasen med årets el-racerbil Prøvekjøring av fjorårets UiS-bil. No er studentane i sluttfasen med årets versjon, som for første gong er heilektrisk. Foto: ION Racing UiS..

Gløym «Greased lightning» og «Il tempo Gigante». No skal studentar ved Universitetet i Stavanger (UiS) setje ny standard med sin eigenproduserte el-racerbil «The mean ekte engineering machine».

Raskare enn Tesla
Sjå for deg ein bil som kan gå frå null til hundre kilometer på under fire sekund. Ein bil som er heilstøypt i rammeverk av karbonfiber, har to el-motorar, og er raskare enn ein Tesla. Umogleg, seier du? Vel, denne vedunderbilen er faktisk i ferd med å ferdigstillast.

Til sommaren skal «ION Racing UiS» delta i konkurransen «Formula Student», som utfordrar ingeniørstudentar frå heile verda til å designe, byggje og konkurrere med sin eigenbygde racerbil, alt i løpet av eit år. Konkurransen hadde 178 søkjarar, og 114 fekk plass. Ein av dei var UiS-laget som stiller til start på Silverstone i England mellom 9. og 13.juli.

Over 20.000 timar
Det har teke tid å byggje bilen som på grunn av sin lette konstruksjon i karbonfiber ikkje veg meir enn 250 kilo, har 180 hestekrefter og ein akselerasjon som matchar svindyre sportsbilar. Studentane har nytta mellom åtte og tolv timar kvar dag og nærare 20.000 timar totalt på prosjektet, sidan det starta opp i november.

UiS-studentane arbeidar frivillig med prosjektet, og dei har alle kvar si rolle på laget. Tidlegare år har team frå UiS bygd bensindrevne bilar, i år har dei imidlertid køyrt ein miljøvennleg vri. Resultatet skal verte Norges råaste, elektriske racingbil.

– Vi har nærast gjort alt sjølv. Alt frå designet for aerodynamikken til strukturanalysar og materialval, seier PR-ansvarleg Simon Furnes i ION Racing UiS.

– Kjempetøft med ny teknologi
Furnes kan fortelje at dei håpar å nå ei plassering blant dei tretti beste i konkurransen «Formula Student», og at draumen er å få ein pris for det mest innovative produktet. Han legg til at det har vore utfordrande og ikkje minst dyrt å lage ein el-racingbil. Det har difor hjelpt på at dei har fått med seg heile 43 samarbeidspartnarar på laget, deriblant hovudsponsoren Rosenberg WorleyParsons. Direktør i sistnemnte bedrift har berre skryt å kome med når ho skal omtale studentane.

– Dei er svært profesjonelle, og vi er imponerte over mengda arbeid dei legg ned i prosjektet. Eg tykkjer det er kjempetøft at dei tør å gå nye vegar med ein teknologi som både kompliserer arbeidet deira og tvinger dei til å tenkje nytt, seier dirketør Kristin Færøvik.

Lokka student til UiS
Prosjektet har vakt oppsikt lokalt, og var ein av mange ting som lokka andreårsstudent Eirik Vassøy Olsen (23) til UiS. Han var lenge klar over at han ville verte ingeniør, men var usikker på kva retning han skulle ta. Heilt til han kom over ein artikkel om UiS-laget for to år sidan.

– Dette fekk meg til å verkeleg opne augene for UiS, og eg fann ut at maskiningeniørstudiane passa meg perfekt, fortel Vassøy Olsen, som er teknisk nestleiar på laget.

Lettast mogleg
Utfordringa med å lage den elektrisk racer-bilen «The mean ekte engineering machine», har vore å få vekta så låg som mogleg. «Ion Racing UiS» har jobba med å optimalisere delane, og forbetre hjulopphengsgeometrien frå fjorårets bil.

– Vi har jobba målretta med vektsparing ved omfattande bruk av dataassisterte analyseverktøy og bruk av lettare materiale som karbonfiber, seier Furnes og syner til at det ferdigstøypte karosseriet i karbonfiber halverte vekta av ramma.

Med eit eige utvikla traction-kontrollsystem, skal teamet sikre at bilen brukar minst mogleg energi, og samtidig gir mest mogleg kraft når sjåføren ynskjer det. Det er den innovative teknologien som kan gjere at UiS-laget skil seg ut blant konkurrentane, og som forhåpentlegvis kan føre dei langt i konkurransen, ifølgje Furnes.  

Studentlaget ION Racing Team med fjorårets raude bil og rammeverket til den nye bilen

Studentlaget ION Racing Team med fjorårets bil (raud) og rammeverket til den nye bilen.