MENY

Den amerikanske ambassadøren vitjar UiS

Måndag 5. februar vitjar ambassadør Whitney frå den amerikanske ambassaden Universitetet i Stavanger. Han inviterer til ope møte for å diskutere utdanningspolitikk.

Whitney ønskjer å møte studentar og tilsette ved UiS for å diskutere utdanningspolitikk, med særleg vekt på studentmobilitet mellom Stavanger og USA. Han inviterer til eit ope møte der han vil halde eit kort innlegg før han opnar for spørsmål og diskusjon frå salen.

Målet med møtet er sjå på kva ambassadøren kan gjere for at hindringane for å studere i USA skal verte færre, og kva som kan gjerast for å trekke til seg studentar frå USA til Stavanger.

Tid og stad: Måndag 5. februar kl. 16.00-17.30, rom V-101 i Arne Rettedals hus