MENY

Den tapte vestlandsregionen

Arbeidet med Vestlandsregionen lærer oss at identitetsregionar vanskeleg let seg bygge ut av ingenting, skriv Erik Fossåskaret ved Universitetet i Stavanger.

Så seint som for eit par år sidan såg vestnorske politikarar for seg at ein maktsterk Vestlandsregion skulle vere eitt samla valdistrikt ved Stortingsvalet 2009. Regionspolitikarar la seg nær ein nasjonsbyggande retorikk. Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg, viste til at kollegaen i Rogaland ved konstitueringa av Vestlandsrådet i 2003 peikte på Sverd i fjell, «dei tre sverda som er laga ved Hafrsfjord til minne om samlinga av Noreg. Vi er i gang med å samle Vestlandet.»

Regionen sjølv skulle forvalte felles interesser gjennom folkevalde representantar. Fylkesordførar i Rogaland, Roald Bergsaker, meinte at det gjaldt å byggje en vestlandsk lagånd. «Vi må lære å snakke positivt om hverandre.»

Gjennom Helse Vest skulle Vestlandet rå seg sjølv i sjukehussaker. Straks det viste seg å vere usemje om organiseringa innan nevrokirurgi, ropte rogalendingane opp om at no må Oslo må gripe inn. Stavanger Aftenblad (SA) melde at Stavanger-politikarane «tar saken opp direkte med helseministeren.» For regionsbygginga var dette som det ville vore for nasjonsbygginga om norske politikarar etter 1814 og 1905 skulle rope på «Kongen i København».

Regionaliseringsvind
«Nei til Vestlandet», melder SA frå Rogaland Fylkesting i juni i år. Roald Bergsaker «trur ikkje lenger på Vestlandsregionen.» Torill Selsvold Nyborg svara med «å løfta fram Hordaland som Vestlandets viktigaste region.» Lagånda vart ikkje sterkare at den ei tid heldt i hop ein godvêrsregion. Det er ikkje nevrokirurgien som har øydelagt for ein samansveisa Vestlandsregion. Vesentlege regionsbyggande føresetnader var aldri til stades.

«Regionanes Europa hadde gitt inspirasjon. Politikarar viste til at det blæs ein regionaliseringsvind over landet. «Den kjem frå Europa, fer over Skandinavia og har nådd vår vestlandskyst.» Vestlandsrådet ville ta ut på synfaring «til eit land i Europa som har regionar.»

Regionalisering under norske tilhøve gjeld regionar av vesentleg anna slag enn dei nasjonsliknande fellesskapa av varierande storleik som er stamma i mykje av regionane i det nye Europa. Gjennom prosessane som reduserte talet på sjølvstendige styringseiningar i Europa frå femten hundre år 1500 til femti, levde den regionale sjølvforståinga vidare. For mange har Baskarland, Katalonia, Kroatia, Wales, Skottland og Sameland gått føre Spania, Jugoslavia, Storbritannia og Noreg. Den skotske historikaren og politikaren Christopher Harvie meiner vi må skjøne dei historiske regionane i Europa som interne koloniar.

Regionsbyggjarane
I Vestlandets Historie skriv Knut Helle at godt inn på 1800-talet var nemninga Vestlandet ikkje «rotfesta i gjengs norsk språkbruk». Det ligg ikkje føre nokon trygg historisk grunn å mobilisere vestlendingen på til kamp for ein institusjonalisert Vestlandsregion. «Regionaliseringa av Vestlandet kjem nedanfrå,» skreiv fylkesordførar Selsvold Nyborg i BT i september 2004. Åtte dagar seinare melder SA at «tanken om en vestlandsregion sammen med Hordaland får bare tilslutning fra 11,8 prosent av rogalendingene.»

Regionsbyggjarane la til grunn at vestlendingane har eit eige kultur- og verdifellesskap. Torill Selsvold Nyborg viste til at vi må « bygga vår region på dei verdiar som er trygt forankra i den vestlandske sjelaHer i vest har vi også ein kulturell arv som bind oss saman. Den gode lekmannstradisjonen har kjempa for det gode i kulturen, for det gode i skulen, og for kvardagen til dei som har minst. Vestlendingen har og hatt eit hjertetilhøve til Israel og til dei mange fattige og forfylgde i verda.» Den som vil byggja ein vestlandsk identitetsregion på ei tuft av bedehus og Israels ubøyelege vener, er truleg for seint ute.

Regionar som skal hente fram folkeleg engasjement, må vere begivenheter utover det som er forvaltnings er hendingar og fellesskap der det skjer så mykje meir enn det som står på plakaten og på sakskartet. Vestlandet har ingen tapte slag å hevne, få sigrar å feire, ingen samlande heltar å hylle. Jon Istad, Hanne Haugland og Liv Grete Skjelbreid sigra for Norge - og for Voss, Haugesund og Hålandsdalen.

Knall-region
For den som vil byggje region, kan det ikkje vere kvitt om kor grensene går. Fylkesdirektør Terje Fatland i Rogaland ville ha ein region frå Vest-Agder til Trøndelag. På spørsmål frå SA om det ikkje vert for stort, svarar han at «Det kan godt vera. Dersom Møre og Romsdal vil vera for seg sjølv, kan det henda dei dreg med seg Sogn og Fjordane. Vil dei ikkje vera med, er det greitt. Også Rogaland og Hordaland vil bli ein knall-region.»

Romlege fellesskap må ha sentrum som symboliserer samlande legitim autoritet og makt. Land har hovudstader og byar treng rådhus og torg. Vestlandspolitikarane meinte det let seg gjere å byggje ein «hovudlaus» region. BT refererer frå møte i Vestlandsrådet i januar 2005: «Det er ikkje snakk om å bli styrt frå Bergen, sa Tor Bremer, fylkesvaraordførar for Sogn og Fjordane. For folk betyr det ingenting om de blir styrt fra Oslo eller Bergen.» Det var «ein viktig premiss at styringssystemet skal vera desentralisert». Kjenner ikkje vestlendingane meir fellesskap kring Torgallmenningen enn kring Rådhusplassen i Oslo, har den som vil byggje vestlandsidentitet, teke på seg ei uløyseleg oppgåve.

Samlande symbol
Vestlandet manglar samlande symbol og soge. Det kunne like fullt gitt meining å freiste byggje regionsfellesskap kring presserande utfordringar og oppgåver i samtida. Men i førebuingane var det vanskeleg å sjå regionale kampsaker som vil sende vestlendingane høgt på ein sams barrikade. Politikarar her vest meiner at landsdelen sit att med for lite av dei verdiane som vert skapt her på sjølve «gullkysten»: «Vestlandet har 26 prosent av befolkninga i landet, men står for 39 prosent av eksport av tradisjonelle varer frå fylka. I tillegg er mesteparten av olje- og gassverksemda i landet lokalisert utanfor Vestlandskysten.» Men det er ikkje mykje kledeleg om den mest vellukka landsdelen vil ha meir makt for mindre å dele. Og vestlendingen let seg ikkje mobilisere ved snakk om dette som ein misfaren region. Vestlandsrådet viser sjølv korleis det står til. «Folketalet i landsdelen har over tid auka litt meir enn gjennomsnittet for landet elles. Vestlandet er ein god stad å bu. Jamt over har Vestlandet færre registrerte levekårsproblem enn landet elles, og levealderen er litt høgare enn elles i landet. Vestlendingane har ikkje behov for så mykje offentlege trygde- og sosialytingar som gjennomsnittet i landet».

Arbeidet med Vestlandsregionen lærer oss at identitetsregionar vanskeleg let seg bygge ut av ingenting. Saka om nevrokirurgi minner om at forvaltningsregionar som manglar feste i identitetsgivande fellesskap, har eit stort potensiale av konfliktar å handtere.