MENY

Det stig av hav - avduking 9. desember

Fyrste vers i diktet "Mot soleglad" av Arne Garborg, blei i helga skrive med grasballar på eit jorde på Klepp. Prosjektet "Det stig av hav" - som er eit samarbeid mellom Lesesenteret, Rogaland Bondelag, T. Stangeland og Felleskjøpet - er ei Stavanger2008-satsing. 664 grasballar blei brukt for å skriva jærforfatteren sin hyllest av jærlandskapet. Deretter blei diktet dekka over - klart til den store avdukninga som skjer 9. desember kl 13.

- Dette er truleg verdas styrste dikt, seier diktinstallasjonen si "mor", universitetslektor Trude Hoel ved Lesesenteret. - Prosjektet tek i bruk kulturlandskapet, skriftspråket og kulturarva, - viktige kulturfaktorar knytt til Jæren og jærbuen sin identitet. I tillegg gjev prosjektet leselyst. Diktet kan berre lesast frå lufta, men folk vil høyra om installasjonen og få lyst til å lesa.

Diktet blir avduka under eit stort familiearrangement. Klepp Mannskor syng og skaper heftig og begeistra stemning. "Simon Snorkel" fra Brannvesenet og ei kran frå T. Stangeland vil gje deltakarane mulegheit til å lesa diktet. Elevar frå Våland skole vil framføra utdrag frå "Haugtussa", og det vil bli helikoptertur for utvalde gjester.

Diktinstallasjonen vil liggja ute i 3 månader. Deretter vil han sakte men sikkert avviklast ved at kyrne et han opp.

Last ned invitasjonen her.



Avdukinga skjer på Øksnevad ved Klepp Stasjon 9. desember og er open for alle.