MENY

Dialog om framtidig lærarutdanning

Torsdag 20. desember kjem statsråd Tora Aasland til UiS for å vere med på eit arbeidsseminar om framtidig lærarutdanning. Det er Institutt for allmennlærarutdanning og spesialpedagogikk som arrangerer seminaret, som er opent for alle interesserte.

På sitt første besøk til UiS, som statsråd, skal Aasland seie noko om kva som rører seg på det på det nasjonale plan når det gjeld norsk lærarutdanning slik Kunnskapsdepartementet ser det. Også Høgskolen i Vestfold vil delta på seminaret for å presentere si satsing på lærarutdanning for ungdomstrinnet.

På programmet står også ein paneldebatt om lærarutdanninga ved UiS for perioden 2009-2020. Panelet vil bestå av statsråd Tora Aasland, studieleiar Anne Fængsrud frå Høgskolen i Vestfold, prorektor ved UiS, Egil Gabrielsen, instituttleiar ved Institutt for allmennlærarutdanning og spesialpedagogikk, Rune Giske, leiar i StOr, Kristine Nesvik og skolesjef i Gjesdal kommune, Jone Haarr. Dekan Tor Hauken ved Det humanistiske fakultet vil vere debattleiar.

Utgangspunktet for seminaret er den pågåande strategiprosessen ved UiS. Med arbeidsseminaret håper Institutt for allmennlærarutdanning og spesialpedagogikk å få gode innspel til ein strategiplan for lærarutdanninga ved UiS fram til 2020.

Seminaret skal vere på rom Ø-130 i Arne Rettedals Hus på universitetsområdet og tek til klokka 17.

Sjå heile programmet (pdf, 68 kb)