MENY

Diktavduking og folkefest

Lesesenteret og Rogaland Bondelags kulturprosjekt ”Det stig av hav” blei avduka med stor folkefest på Jæren i går. Det 664 grasballar store Garborgdiktet er no synleg frå lufta.

Sjå film frå avdukinga (laga av Hallgeir Skretting, UiS)

4. trinn frå Våland skole og Klepp Mannskor sørgja for stemning og høgtid under avdukinga. Elevane framførde utdrag frå ”Haugtussa” og drog av duken, medan Klepp Mannskor song 3 songar med tekst av Garborg.

- At nærmare 300 menneskjer samlast på Jæren til eit slikt kulturarrangement midt i ei travel førjulstid er bare heilt fantastisk, seier prosjektledar Trude Hoel.

”Simon Snorkel” frå Brannvesenet, ein stor mobilkran frå T. Stangeland og innleidd helikopter sørgja for at alle fekk lesa diktet og ikkje bare sjå masse kvite grasballar strødd utover eit jorde.

T. Stangeland, Felleskjøpet Rogaland Agder, Rogaland Bondelag og Lesesenteret ved UiS har vært samarbeidspartnarar i dette Stavanger2008-prosjektet, men det er mange andre som har bidrege.

- Dette er og eit leseprosjekt og det handlar sjølvsagt om Garborg, sa Hoel i opningstalen sin. Men det handlar like mykje om Jæren og den dugnadskulturen som finns her. Viss det er noko i vår kultur det er verdt å leggja merke til i Europa så er det nettopp samarbeid på tvers og dugnadsånd. Eit slikt samarbeid mellom bonden og akademikaren hadde truleg ikkje vært mogleg andre stader.

- Velvilligheita har vært stor, samtykkje Jostein Tollaksen som har koordinert mykje av dei tekniske tinga knytt til prosjektet. Reaksjonen frå ein lokal bakar på Bryne då me bad om tilbod på mat til servering er eit godt døme. Han gav kakemenn og kveitebollar til opninga heilt gratis.