MENY

Disputas om alkoholkultur på jobben

- Mange gler seg til nokre glas saman med kollegaene etter jobb eller til turar med vinsmaking. Men konsekvensen av ein slik alkoholkultur på jobben er ofte at fleire endar opp som alkoholmisbrukarar, seier universitetslektor Hildegunn Sagvaag ved UiS.

Sagvaag disputerer ved Nordiska högskolan för folkhälsovetenskap i Gøteborg den 28. august med si avhandling ”Work-related use of alcohol – a qualitative study in the Science of Public Health perspective”.

Førebygging
Målet med avhandlinga er å få ei betre forståing av relasjonen mellom tilsette og arbeidsplassen når alkoholbruken deira blir eit tema på jobben. Gjennom eit folkehelsevitskapeleg perspektiv på arbeid og bruk av alkohol, blir arbeidsplassen studert som ein mogleg arena for førebygging av alkoholproblem.

Kvalitative intervju med åtte kvinner og elleve menn blei tolka i eit kjønnsperspektiv. Resultatet viser ei felles erfaring blant deltakarane, ei felles erfaring av marginalisering når alkoholbruken blir eit tema på jobben.

Kjønnsskilnader
Deltakarane kjende seg meir og meir låste både i relasjon til arbeidet og til alkohol, og dei meistra situasjonen gjennom å arbeide meir. Studien viser vidare at denne innviklingsprosessen for mange kvinner blei forsterka gjennom tunge omsorgsbyrder på heimearenaen.

For mennene handla det ofte om mykje reising der dei representerte arbeidet og skulle byggje opp relasjonar i tilknyting til arbeid. Dei blei eksponerte for alkohol når dei bygde relasjonar, noko som forsterka innviklingsprosessen.

- Vi treng program for førebygging av alkoholproblem som rettar seg mot arbeidsplassen og som gir god kunnskap om verdien av å ha ein aktiv og sunn alkoholpolitikk, seier Hildegunn Sagvaag.

Sagvaag forsvarar si avhandling tysdag den 28. august klokka 13 i NHVs Aula, Nya varvet, hus 25 i Göteborg. Veiledarar har vore professor Anneli Sarvimäki, professor António Barbosa da Silva og seniorforskar Sverre Nesvåg. Komiteen består av opponent Kerstin Svensson, professor Tor-Johan Ekeland, professor Elianne Riska og professor Ingemar Åkerlind.