MENY

Disputas på høge hælar

Det tok ho fire år å utvikle ein heilt ny metode for å analysere subjektive kunstopplevingar vitskapleg. No skal ho forsvare arbeidet sitt. På eit par høghæla grøne sko.

DISPUTAS: Henriette Thune disputerer 14. september 2012 ved Universitetet i Stavanger.


KL. 13.30. DAGEN FØR DAGEN.
Henriette Thune (39) går opp og ned gangen langs stolrekkjene som stuper bratt nedover i auditoriet. Ho har på seg eit par lysegrøne, semska skinnsko med så høge hælar at berre eit fåtal ville ha drista seg til å gå på dei.

Ho har kjøpt dei i København for fleire månader sidan med tanke på denne eine store dagen. No prøver ho ut den rørsla ho skal gjere i morgon, men då med dekanen og opponentane framom seg, i ein sal full av kollegaer, familie og vener.

– Eg veit ikkje om eg kan bruke dei. Det er bratt og glatt her, seier hovudpersonen.

Medan koordinatoren tenkjer på lys, lyd og skjermbilete, vurderer ho risikoen med å stå på tretten centimeter høge hælar fleire timar i strekk. Men så bestemmer ho seg.


KL. 07.50. VED FRUKOSTBORDET.
Forkledet er knytt over ein grøn korterma sommarkjole. Ho går berrføtt. Ho har sove dårleg. Låg og kjende på ei uro. Då stod ho opp og jogga seg ein tur, endå det var midt på natta.

– Å springe gjev meg ei kjensle av å ha kontroll.

Ho har også rukke å gjere tibetanske yogaøvingar på terrassen for å stagge uroa.

– Eg skulle ha lese gjennom heile avhandlinga igjen. Men eg har ikkje hatt tid. Særleg den siste delen skulle eg ha lese, der eg introduserer endå ein ny modell.

Ho ler, trekkjer på skuldrene og snakkar heller om kva ho et til frukost.

– Avokadoen er full av fleirumetta feittsyrer. Det held til etter prøveforelesinga. Då er det lunsj.

No drikk ho grøn te medan alt rundt henne manar til ro. Eit stearinlys står på bordet. NRK P2 i bakgrunnen. Arild, mannen hennar, har bakt brød og dekkjer på eit frukostbord – til ti. To vener frå København, Eva og Jens, sit ved bordet. Tre born står opp: Jonatan, Maren og Sébastian. Henriette sin litlebror Nils Eivind, kjærasten Ingvill og seks månader gamle Gjermund kjem òg ned.

– Skinke kan eg ta, no er det protein som gjeld, seier Henriette.

Ho har babyen på fanget samstundes som ho har Mac-en framom seg. Ho postar eit bilete frå frukostbordet på veggen sin. Ikkje lenge etter tek ho til med å «like» dei seks kommentarane som alt har kome.

Så opnar ho eit Word-dokument med overskrifta «Forberedelser til disputas – hva gjenstår».

Nils Eivind ser på storesystera si og tek handa hennar i si. Han legg fingrane mot hovudpulsåra hennar og tel konsentrert medan sekunda tikkar. Henriette ser roleg ut, men litlebror har merka spenninga.

– 120 i kvilepuls, slår han fast.

– Arild, eg sender deg berre lista. Så kan du gjere det som ikkje er gjort. Og Arild, kva er tanken med desse småtassane? Maren er med, men Sébastian og Jonatan, skal dei vere med? Kan du avklare det?

Arild svarer:

– Eg føler at det fell veldig mykje på meg her no.

Alle ler.


KL. 09.55. PRØVEFORELESINGA.
Over høgtalaren i auditoriet kan ein høyre svak meditasjonsmusikk. Om lag førti forventingsfulle familiemedlemmer, vener og kollegaer sit nokså stille. Om fem minutt skal Henriette halde prøveforelesinga si: A Bakhtinian analysis of August Strindberg’s En dåres forsvarstal as an aesthetic object.

På den fremste rekkja sit dei internasjonale toppforskarane som seinare skal kritisere avhandlinga og stille vanskelege spørsmål.

Det er professor Galin Tihanov frå Queen Mary-colleget ved Universitetet i London, lektor Lilian Munk Rösing frå Universitetet i København og komitéadministratoren, og kollegaen til Henriette, Nora Simonhjell, fyrsteamanuensis ved Institutt for kultur- og språkvitskap ved Universitetet i Stavanger.

Alle tre har bunkar av bøker og papir på det smale bordet framom seg. Dei stirer rett på Henriette.

Med eitt stilnar den lågmælte praten i salen. Klokka er ti, og Tor Hauken, dekanen ved Det humanistiske fakultetet, tek ordet og presenterer Henriette, som førebels har på seg nokre svarte sko, berre ni centimeter høge. Med hendene held ho i talarboksen.

– Can you hear me? seier ho.

Ho får nokre nikk frå salen. Så rekkjer ho smilande ut tunga, raskt ut og inn, og trekkjer pusten. No er ho endeleg i gang.

Ho kjenner godt til alle dei som er komen for å høyre. På rad to sit to frå forskingsnettverket Nordisk Bakhtin-dialog: professor Anne Gjelsvik frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet i Trondheim og lektor Anker Gemzøe frå Universitetet i Aalborg. På rad tre sit rettleiarane og nokre kollegaer. På rad fire sit mor, yngstesonen Jonatan og svigermor. Arild, mannen, sit på rad fem.

Henriette snakkar klårt og tydeleg engelsk. Også fransken hennar er feilfri og velklingande. Inga skjelving i røysta. Ho er i gang, og ho kosar seg der ho står.

Med stor autoritet i stemma forklarer ho korleis kjønn, seksualitet og ekteskap blir framstilt i Strindberg sin roman frå 1887 som eit estetisk objekt. Ho snur seg, viser med handa fram kunstverk på prosjektøren, fangar tilhøyrarane si merksemd med blikket sitt. Opponentane kikkar over augeglasa. Dei noterer flittig.

Nøyaktig på tida 10.45 er ho ferdig. Applaus. Hovudrettleiar Alexandre Dessingue kjem ned og gjev henne ein high five. Kollegaer står i kø for å klemme.


KL. 11.55. DISPUTAS.
Nokre kjem ein og ein. Andre i små grupper. Dei ser seg rundt, lurer på kvar dei skal gå, og kvar dei skal setje seg ned. Dei fleste set seg litt bak i auditoriet. Nokre finn ei rad der det sit nokon dei kjenner, og går dit. Om lag femti personar sit i salen. Det er familie, vener, kollegaer og nokre nysgjerrige andre.

No har tida komen til at kandidaten skal forsvare avhandlinga si med tittelen: Mikhail Bakhtin’s aesthetic object: Adaptation analysis of Sara Stridsberg’s novel The dream faculty and its theatre adaptation Valerie Jean Solanas will be president of America.  

Koordinatoren seier at alle må reise seg. Døra bak i auditoriet går opp. Ein tenkt trompetfanfare. Dekanen går fremst i blå kappe. Så følgjer Tihanov, Rösing og Simonhjell før Henriette kjem i sommarkjolen sin og no iført dei tretten centimeter grøne hælane. Den elles 175 centimeter høge dama tronar godt over dei fire som går føre.

Dekanen bryt stilla i salen og seier høgtideleg på engelsk at komiteen har funne avhandlinga verdig å bli forsvart offentleg. 
Dekanen ber kandidaten tre fram. Henriette går fram til talarboksen og gjentar same opningsreplikk som for litt sidan:

– Can you hear me?

Ho skal halde ei innleiing før opponentane slepp til. Ho byrjar med å seie at ein i mange år i litteraturfaget har hatt ein hang til å lese litteratur i lys av teori, i den grad at ein fort kan gløyme å halde fast i sjølve verket.

– Eg ønskjer å sjå verket, og verdsetje den fyrste, umiddelbare lesinga, og forstå kva som skjer då.

Ho fortel om opplevinga ho hadde av Sara Stridsberg sin roman Drömfakulteten, korleis ho vart gripen, bergteken og riven med – mest utan at ho skjøna kvifor.

Ho ville undersøkje dette nærare og lage ein vitskapleg analyse av si eiga subjektive kunstoppleving. Resultatet var ein ny metode: Henriette sin metode. Den undersøkjer korleis estetisk form er knytt til meiningsproduksjon, og arbeidet hennar tek utgangspunkt i den russiske teoretikaren Mikhail M. Bakhtin og omgrepet hans om det estetiske objektet.

– Det estetiske objektet er den meiningsproduksjonen som finn stad idet nokon opplever verket, seier kandidaten og forklarar omgrepet inngåande.

Ho forklarer omgrepet situert posisjon òg, at vi alle møter verda ut frå ein gjeven stad, i ei gjeven tid, med tidlegare erfaringar og kulturen vi er ein del av, som bagasje. Den situerte posisjonen har mykje å seie for korleis vi opplever eit kunstverk.

Henriette peikar på at sjølv om ho vil undersøkje ei subjektiv kunstoppleving, så er målet hennar å gjere ein estetisk analyse som er etterprøvbar for andre forskarar.

Henriette flyttar umerkeleg tyngda frå fot til fot. Hælane er ein naturlig del av føtene hennar. Det ser ut som om ho aldri har hatt noko anna på føtene. Hennar eigen situerte posisjon er stødig.


KL. 12.15. FYRSTEOPPONENTEN.
Dekanen presenterer fyrsteopponent professor Galin Tihanov frå Queen Mary-colleget i London og ber han om å ta plass ved talarstolen til venstre.

Tihanov er kledd i svart dress og gult slips. Han har nokre bøker under armen og stiller seg slik at han og Henriette er vende delvis mot kvarandre, delvis mot publikum. No skal han trekkje fram det verbale sverdet. For å kløyve ord, setningar og avhandling.

Henriette vender seg konsentrert mot opponenten med heile si merksemd. Ho tek seg eit glas vatn. Ein kan høyre at ho svelgjer.

Tihanov spør om korleis kandidaten vart så oppslukt av Bakhtin.

– PCMF hit me, seier kandidaten.

PCMF er essayet «The problem of content, material and form in verbal art» frå boka Art and answerability: Early philosophical essays. Henriette hadde ei sterk oppleving av Bakhtin sitt tidlege verk, som ikkje så mange har dvelt ved før. Det har stått i skuggen av seinare verk. Men Henriette trekkjer det fram som eit hovudverk.

Tihanov lurer så på om kandidaten ikkje ser ein kontinuitet i Bakhtin, ettersom ho opererer med fire periodar, og han spør:

– Er ikkje den tidlege Bakhtin noko umoden i betraktningane sine?

– Nei, det vil eg ikkje seie. Det er ein raud tråd frå tidleg Bakhtin når det gjeld kunst og liv, seier kandidaten.

Bakhtin-ekspert Anker Gemzøe på rad to noterer. Han tek av seg brillene, smattar på dei. Han blar i ei bok.
Fyrsteopponenten òg ser i papira sine.

– Korleis vil du forklare den estetiske gjenstanden viss du skal forklare det til nokon som ikkje har lese like mykje litteratur og estetisk teori som du og eg?

Henriette vender seg mot publikum.

– Eg vil vise til eit eksempel. Denne lykkesteinen fekk eg frå ein ven og kollega no like før eg skulle disputere. Forma til steinen er produsert av nokon. Når eg ser på han, kjenner på han og opplever han, blir meininga eg kan knyte til han, ei meiningsproduksjon – eit estetisk objekt – som eksisterer i ei oppleving, i ei rørsle. Det estetiske objektet er eit komplekst teoretisk omgrep som viser til eit augneblinksfenomen som ikkje kan omsetjast til eit logisk språk.

Henriette går tilbake til si eiga lesaroppleving av Drömfakulteten. Verket lèt seg ikkje stikke vekk og lèt seg ikkje gløyme. Det fortset å verke i henne.

– Sjølv etter årevis med forsking på romanen kan eg bli riven med av opplevingar eg ikkje kan forklare med ord.

Som fyrsteopponent har Tihanov som oppgåve å sjå på og eksaminere doktoranden med tanke på dei overordna aspekta ved avhandlinga. Han utfordrar ho når det gjeld sentrale omgrep, prøver å grave i kva omgrepa eigentleg tyder, kva Bakhtin eigentlig meiner, og kva Henriette meiner Bakhtin meiner.

Henriette nøler ikkje med svara. Sjølv når ho misser grepet mot slutten av den ein og ein halv time lange seansen, er ho trygg:

– Ops. Eg gløymde kva du spurde om, seier ho midt i sitt eige resonnement og ler høgt.

Så strammar ho seg opp og hentar seg inn igjen. Opponenten er nøgd med svara og takkar Henriette. Salen applauderer for andre gong. Ein kø av kollegaer kjem ned og gjev klem. Mor kjem ned, gjev dottera ein klem og seier: «Du forklarte det så godt at sjølv eg trur eg forstår noko av kva du har arbeidd med no!»


KL. 14.05. OPPONENT EX AUDITORIO.
– Det var ei utfordrande avhandling, seier Anker Gemzøe, som har meldt inn til dekanen eit ønskje om å stille nokre spørsmål ex auditorio, frå salen.

Ein disputas er ein offentleg diskusjon der tilhøyrarane har rett til å opptre som opponentar om dei vil.

Gemzøe er ein av dei mest erfarne Bakhtin-forskarane i Norden, og han har notert seg mykje av det Henriette har sagt innleiingsvis og under åtaket frå fyrsteopponenten. Han har ti minutt på seg.

– Takk skal du ha. Du er modig. Du har overtydd meg, seier han. Eg har fått ei ny forståing av Bakhtin og Bakhtin sitt estetiske objekt.

Så tek han til på eit lengre resonnement som berre Bakhtin-kjennarar forstår noko av. Henriette følgjer nøye med. Det tek tid før ho slepp til. Ho svarer på noko, dei vekslar nokre ord, men så seier ho:

– Eg veit ikkje heilt om eg har svart på spørsmålet ditt, men du kan no snu deg å sjå at dekanen gjerne vil avslutte denne seansen.

Latter i salen.


KL. 14.20. ANDREOPPONENTEN.
Lektor Lilian Munk Rösing frå Universitetet i København entrar scenen. Ho byrjar med å seie at det er ei klar avhandling, til trass for eit komplisert tema. Ho seier at Henriette gjerne må forklare sin eigen tretrinnsmodell. Ho har eit spørsmål til kvart trinn.

Henriette forklarer det fyrste trinnet i modellen, som er opplevinga av sjølve verket. Opponenten har eit kritisk spørsmål.

– Korleis kan du møte karakterane i verket som om dei var verkelege menneske?

Henriette svarer at jo, vi må tore å gå inn i det estetiske objektet og oppleve det som om det er den verkelege verda.

– Vi er så øvde i å analysere og plukke frå kvarandre, men eg trur det er naudsynt å fyrst møte verket heilskapleg – utan den analytiske tilnærminga. Vi må prøve å gå inn i opplevinga.

Opponenten lurer på kvifor kandidaten berre tek for seg ein formal analyse i avhandlinga si.

– Kva med det poetiske? Lyden, repetisjonen. Det òg har ein sterk verknad på det estetiske objektet?, seier ho.

– Dei òg har sjølvsagt stor betydning. Spørsmålet er om dei nødvendigvis fortel oss noko om det idologiske i det estetiske objektet, svarar Henriette.

Opponenten avsluttar med å takke Henriette for ein modig, open og dialogisk disputas. Ho seier at det er eit solid stykke arbeid. Og ho avsluttar med å seie:

– Eg set pris på at du trekkjer den umiddelbare opplevinga inn i akademia.

Fortsett står Henriette i sine høghæla sko. Stødig og ruvande.


KL. 15.45. CHAMPAGNE OG DOKTORSKÅL.
Institutt for kultur- og språkstudiar inviterer på champagne.

– Skål for doktoren!

– No kan du ta av deg skoa.

Henriette sit i ein sofa. Blomebukettar ligg framom ho. På kvar side av ho sit dei to yngste borna, Maren og Jonatan. Rundt står ein gjeng av kollegaer, vener og familie. Om lag førti stykke.

Professor Wencke Mühleisen, leiar for Nettverk for kjønnsforsking, som Henriette er ein del av, seier ho er mektig imponert.

– Dette er ein stor dag for nettverket. Vår fyrste stipendiat som disputerer.

Replikkane laust.

– Kva skal du gjere på måndag, spør den eine.

– Eg skal på jobb, seier Henriette, som i fleire år har hatt permisjon frå ei rådgjevarstilling ved Universitetet i Stavanger.

– Husarbeid, legg Arild til.


KL. 19.00. MIDDAG OG FEST.
Henriette er berrføtt når dei fyrste middagsgjestene kjem. Den siste timen har ho flytta på og dekt på borda saman med familien. Middagen skal haldast i toppetasjen i Arne Rettedals hus, hovudbygget til universitetet.

Ho har på seg ein designarkjole som passar dei grøne disputashælane, som ho straks tek på seg for å ta imot resten av gjestene.

Rundt førti gjester er fordelte på fire bord. Henriette sit mellom opponentane og på same bord som rettleiarane sine og venene og kollegaene frå Nordisk Bakhtin-dialog.

Rundt andre bord sit familie, vener og kollegaer. Alle får sushi og riesling – og grøn te.

Det klirrar straks i eit glas. Svigermor til Henriette er fyrst ut. Ho seier ho er full av beundring.

Faren held ein lengre tale på engelsk. Han fortel om barndommen, Henriette som femåring.

– You made your way – always, seier faren.

Henriette smiler. Det er hennar dag i dag.

Rettleiarane held tale. Kollegaene. Venene. Ikkje før den eine talaren har sett seg, så klirrar det i glaset og ein ny reiser seg. Alle skryt av Henriette.

Det ser ut som ho nyt det. Etter år med akademisk slit kan ho no setje seg ned og hauste. Ho kan berre vere i det gode og høyre på dei andre. Ho treng ikkje snakke sjølv. Ho ser avslappa, men likevel lada ut. Ho stråler av positiv energi.

Professor Anne Gjelsvik held tale. Også ho på engelsk:

– Henriette, you have brought life into academia.

Mannen, Arild, reiser seg, skal halde tale. Han er rørt. Han seier han er utruleg stolt. Han løftar glaset for å skåle. Alle skålar. Arild blir vifta til seg av Henriette, og dei gjev kvarandre ein klem.

– Eg har aldri vore i ein disputas før. Du snakka og snakka og snakka. Det var som å vere heime.

Talane tek ende fyrst då nokre mannfolk finn gitarane fram. Svenske, danske, norske og franske viser blir spelte og sungne til langt på natt.

I tretida sparkar Henriette av seg skoa og søkk saman på ein sofa for å sjå tilfreds på dei dansande og høyre på dei syngande, lattermilde gjestene sine. Dei grøne hælane har gjort jobben.

Reportasjen er henta frå Univers nr. 1 - 2013

Tekst: Karen Anne Okstad
Foto: Asbjørn Jensen